TURNERINGSREGLEMENT
§1 - Spelebane
1. Bana vil bli ca. 1/4 av ei normal bane.
2. Måla som blir brukt er 2x5 meter.
§2 - Spelarane
1. Kvart lag må minimum bestå av 8 spelarar, maksimum 12 spelarar. Det kan søkast dispensasjon til å få nytta fleire spelarar.
2. Maks 6 spelarar på bana (samstundes) frå kvart lag, medrekna keeper. Innbyte kan skje fritt.
3. Ein kan ikkje spele for fleire lag under turneringa, ei heller om opprinneleg lag vert utslegne i gruppespelet.
§3 – Begrensingar – ”lisensspelarar”
1. Spelarar må fylle 16 år inneverande år for å delta, inga begrensning i høve øvre aldersgrense.
2. Herrespelarar 16-34 år som har starta seriekamp i 3.div eller høgare i årets sesong er lisensspelar/aktiv. Herrespelarar 16-34 år, som har STARTA MEIR ENN 1 seriekamp i 4.div i årets sesong er lisensspelar/aktiv.
Damespelarar 16-34 år som har starta seriekamp i 2.div eller høgare i årets sesong er lisensspelar/aktiv.
Spelarar frå det året dei fyller 35 år og oppover kan delta fritt, uansett nivå dei spelar på.
3. Aktive herrespelarar frå og med 5. div og nedover, og damespelarar frå og med 3. div og nedover vert ikkje rekna som ”lisensspelarar”.
4. Maks 2 ”lisensspelarar” i kvar tropp/lag, kun ein lisensspelar på bana til ein kvar tid
§4 - Generelle reglar
1. Kamptid 1x13 minuttar
Ingen tilleggstid, men i særs spesielle tilfelle som ved ekstrem sabotasje eller langvarig skadeavbrekk KAN dommar/kampansvarleg legge til tid.
Dersom eit lag får straffe eller frispark og ikkje rekk å ta dette før sluttsignalet går skal laget likevel få ta dette sjølv om tida er ute. (NB! Direkte skot ved frispark)
2. Alle lag pliktar å stille seinast 5 minutt før oppsett kamptid. Dersom eit lag ikkje møter til kampstart vert motstandarlaget tildelt seier 3-0, og 3 poeng.
3. Er det uavgjort i sluttspelet etter full tid, spelar me sudden death. 3 mot 3 inklusiv keeper i 2 minutt og deretter 2 mot 2 inklusiv keeper i 2 minutt. Viss ikkje mål etter 4 minutt vert det avgjort på straffe, ein og ein. Det er ikkje lov med spelarbyte i sudden death, men ein kan velge mellom alle i troppen når straffane byrjar. Det er lov å ta ut keeper og setta utpåspelar i mål i sudden death (men ikkje innbyte)
4. Me køyrer INNSPARK isf innkast. Ikkje lov å score direkte frå innspark
5. Corner vil bli som normalt, offside eksisterer ikkje.
6. 5meter avstand til mur ved frispark o.l.
7. Kun direkte frispark, indirekte frispark eksisterer ikkje
8. Det er lov å skyte/score direkte fra avspark
9 Tilbakespel til keeper straffast med direkte frispark frå 7-meterlinja, valfritt kor på linja
10. Straffespark vil bli teke frå grenselinja til straffefeltet dvs. so langt ut so keeper kan ta ballen med hendene (ca 7 meter)
11. Det vil bli ein domar per kamp. Ver snill mot domaren!
12. Sklitakling er ikkje lov og vert ansett som forseelse som gir frispark imot. Det er lov med skli-blokkering, men det inneber ein viss avstand til spelar. Keeper kan sklitakle innanfor målområdet sitt. (Sklitakling utført av utpåspelar inne i straffeområdet = straffespark)
13. Gult kort: Utvising i 3 minuttar. Spelaren som får gult kort har høve til å koma inn att så snart straffa er sona. Det er ikkje høve til å setja inn ein annan spelar for den som vert utvist. Laget må spela med ein mann mindre i 3 minuttar. (Viss utvisning på slutten av kamp og før ekstraomgangar skal laget spela med ein mann mindre inn i ekstraomgangane, inntil det er gått 3 minutt)
14. Raudt kort: Spelaren vert utvist for resten av kampen. Laget har ikkje høve til å setja inn ny spelar. Den utviste spelaren kan spele neste kamp med mindre sekreteriat/dommar meiner forseelsen er av særs grov karakter
15. Keeper må kaste ut når han set i gang. Er ballen i spel kan keeper legge ballen ned og bruke beina som ein vanleg utpåspelar (ikkje volley-utspark). Keeper har lov å kaste ballen i mål, både ved dødball og når ballen er i spel.
16. Ved sudden death skal det trekkast/klomsast om kven som skal starte med ball. Vinnar bestemmer kven som startar med ball i første ekstraomgang. Laget som ikkje starta med ball i første ekstraomgang startar med ball i eventuelle andre ekstraomg.
Viss straffar skal det også der trekkast/klomsast der vinnar bestemmer kven som skal starte å skyte. Utover dette startar heimelaget med ball.
§5 - Sluttspel
1. Om to lag står likt etter dei innleiande kampane, blir plasseringa avgjort slik:
A. Målforskjell
B. Flest scora maol
C. Innbyrdes oppgjer
D. Loddtrekning
2. 8-delsfinalane vil gå etter oppsettet, men dersom det viser seg at lag frå same innleiande pulje (kan bli tilfelle dersom trearlag går vidare) skulle møtast i 8. delsfinalen vert det rokkeringar. Ikkje spesielt artig å møta same lag som i gruppespelet.
§6 - Utstyr
1. Eige ansvar, men me vil helst at deltakarane brukar leggbeskyttarar, då mykje står på spel, og ambulansen ekje alltid so god å få fat i. Fjøra låner ut vestar til dei som ikkje har høve til å stilla med eigne drakter.
§7 - Skadar
1. Fjøra fråskriv seg alt ansvar ved personskade, men stiller med det mest naudsynte utstyret for førebyggjing av skade, is og tape. Spelarar er ikkje dekka av fotballforsikring i denne turneringa sidan ein ikkje deltek i regi av klubb
§8 - Protest
1. Protest kan leverast munnleg til sekreteriatet seinast 5 minutt etter kampslutt. (Protest vedrørande for mange lisensspelarar må me nesten gjerast oppmerksame på undervegs i kampen då det er vanskeleg å bevise i etterkant)
§8 - Sanksjonar
1. Lag som trekker seg etter påmeldingsfristen er ute må betale halv påmeldingsavgift. Dette på grunn av mykje meirarbeid med å lage nytt turneringsoppsett
2. Lag som nyttar seg av fleire lisensspelarar enn det som er tillatt iflg reglement får ikkje spele fleire kampar i turneringa


















