Kjempenes Liga 2026 vert arrangert helga 6-7.november. Påmeldingsinfo kjem i september
For tilreisande lag som ønsker å spela innleiande kampar laurdag prøver me så langt det er muleg å legge til rette for det, dette MÅ oppgis ved påmelding! Me set pris på om flest muleg kan spela innleiande kampar fredag.
Ver obs på at det i denne turneringa er begrensingar på antall aktive spelarar. Ein vert rekna som aktiv/lisens dersom ein i kalenderåret har starta seriekamp i 3.div eller høgare for herrer og 2.div eller høgare for damer. I tillegg vert ein rekna som aktiv/lisens viss ein har starta MEIR ENN 1 kamp i 4.div herrer. Frå det året ein fyller 35 år er ein uansett ikkje å rekna som aktiv/lisens. Maks 2 aktive/lisens i kvar tropp og maks 1 aktiv/lisens på bana om gangen.
Påmeldingsavgift 2000 kr må betalast seinast 31.okt til konto 3705.14.67834 (merk betaling med lagnamn). Det vil vera kiosk med godt utval midt på langsida på tribuna
Velkommen til turnering og ikkje minst ein sosial kveld på "byn" i Sogndal etterpå. Det vert som vanleg Kjempenes Liga - fest på Soho og Eppel laurdag kveld, forhåndssal av billettar både til SOHO og Eppel Bar frå 15.oktober, meir informasjon om dette på Fjøra si facebookside. Billettsalet er via Sogndal Hotell sin ticketco
Sjå også turneringsreglementet og set dykk godt inn i dette, 6 mot 6 inklusive keeper på bana.


















