Om oss
Fjøra FK vart truleg skipa i januar 1974, og etter det me kjenner til fann skipingsmøtet stad ved erverdige Hofslund Hotell. På det tidspunktet klubben vart skipa så var det berre eitt A-lag i kommunen og det var Sogndal. Det hadde uansett kome til å tvinga seg fram eit eller fleire A-lag. Den nye klubben i Sogndal vart skipa som følgje av at altfor mange habile og lokale fotballspelarar la skorne på hylla etter endt junioralder. Dette såg mangeårig juniortrenar, Ove Ask, og han var også primus motor i forhold til å etablere ein ny klubb i bygda.
Fjøra spelte dei første 5 sesongane under namnet Kaupanger fotball. Grunnen til dette var at Sogndalsklubben, mot at nokre betingingar vart oppfylte, kunne låne namnet deira. Kaupanger IL hadde ikkje A-lag i 1974. Føresetnadane for lån av namnet var mellom anna at:
- den nye klubben skulle ha eige styre og økonomi - Kaupanger skulle kunne ta attende namnet når det vart behov for det, og - den nye klubben skulle spele i grøne drakter
Fjøra starta i 6. divisjon i 1974, den lågaste divisjonen på den tida. Første seriekamp vart spelt fredag 10. mai i Øvre Årdal mot B-laget til Jotun. Kampan enda med eit klårt 5-2 tap for dei betre trena årdølene, men sogndølene viste i 1. omgang at dei var bra med. Måla til sogndalsklubben vart sett inn av Terje Selseng og Mollert Lægreid. Me meiner det var Mollert Lægreid som scora det første seriemålet til Fjøra.
Fjøra spelte under Kaupanger fotball i 5 sesongar, men etter 1979-sesongen ynskte Kaupanger å starte opp med eige A-lag. Kaupanger hadde sjølvsagt rett til å ta attende sitt namn, det var ein av føresetnadane for lånet av namnet i 1974, og difor vart det heldt namneval i Sogndal og Fjøra Fotballklubb vann med 6 røyster, framføre Fosshaugane (4 stemmer), Fyk og Trudvang (2 stemmer). Det var Terje Bjelle som kom med forslag om Fjøra FK, eit fantastisk namn som me i dag er svært stolte av.
Denne saka var vanskeleg å løysa både for Fotballkretsen (Idrettskrinsen) og NFF. Problemet i saka låg i at dersom sogndalsklubben ville byte namn, måtte dei starte i lægste divisjonen i fylket som i 1979 var 7. divisjon. Det nyoppstarta Kaupangerlaget som hadde fått attende sitt opprinnelege namn kunne fortsette å spele i divisjonen som sogndalsklubben spelte i, nemleg 5. divisjon. Slik var reglementet til NFF på den tida. No løyste saka seg til det beste for båe partar, men kun etter initiativ frå årdølen Karsten Skuggen Hoff som sende brev til 5. divisjonsklubbane der han ba om eit svar om det var greit at Kaupanger, under det nyeoppretta namnet Fjøra FK, kunne fortsetja å spela i 5. divisjon. Han gjorde det samstundes klart at dersom det vart ei negativ tilbakemelding frå klubbane ville det ikkje bli høve til at eit anna lag kunne koma inn som erstatning. Svaret frå klubbane var positivt og med dette som bakteppe sendt Fotballkretsen saka til NFF som godkjente saka på fotballtinget i Sandefjord.
Fjøra sin logo er utforma av Ottar Lægreid og laga i 1981. Det var usemje om det skulle stå 1980 eller 1974 på logoen, sidan Fjøra FK som namn ikkje formelt var klart før i 1980. Men etter avrøysting i styret vart det bestemt at det skulle stå 1974, det var tross alt då klubben vart skipa. Fjøra rykte opp i 5. divisjon i 1977 og spelte i denne divisjonen fram til og med 1983 då dei rykka opp i 4. divisjon. Fjøra spelte med unntak av ein sesong på nivå tilsvarande 3. divisjon og har etablert seg som eit av dei betre laga i fylket. I 1999 rykte Fjøra opp i 2. divisjon, og er eitt av 13 lag frå fylket som har spelt i 2. divisjon. Fjøra rykte ned frå 2. divisjon året etter på grunn av omlegging av divisjonssystemet, og spelte i tredjedivisjon til dei rykka ned til 4.divisjon i 2011-sesongen. Året før hadde det vore ei ny omlegging i divisjonssystemet då 3.divisjons vart halvert frå 24 til 12 avdelingar. I 2015 rykka Fjøra opp igjen til 3.divisjon. I 2016 vart det nok ein omlegging av divisjonssystemet og Fjøra var blant dei fem beste laga som beheldt plassen men året etter (i 2017) rykka laget ned til 4.divisjon trass ein veldig god haustsesong. Etter kun eitt år i lokaldivisjonen rykka laget opp igjen til 3.div i 2018 og beheldt plassen i 3.div i 2019, ein meget sterk prestasjon. Laget før 2020-sesongen var veldig spennande og laget spelte jamt mot sterke lag som Florø og Hønefoss i oppkøyringa før covid-19 gjorde at heile 2020-sesongen gjekk i vasken. I 2021 vart det gjennomført halv sesong på grunn av covid-19 og Fjøra rykka ned igjen til 4.divisjon med knapp margin i siste serierunde. 2022 enda med 3.plass for Fjøra, 2 peng bak SIL2 og Årdal.
2023-sesongen vart ein av dei mest dramatiske sesongane me har vore vitne til då både Årdal og Fjøra stod med 19 sigrar og 2 uavgjort før siste serierunde. I siste runde møttest dei innbyrdes på Campus Fosshaugane framfor 1233 tilskodarar og når Årdal utlikna til 1-1 kvarteret før slutt var det dei som sikra opprykket på betre målskilnad enn Fjøra. Fjøra scora 109 mål, Årdal scora 119 medan Truls Hovland (Årdal) vart toppscorar med 47 mål føre Malvin Gjerde (Fjøra) sine 45. Sesongen etter (2024) vart like god og jamn, då stod det mellom Sogndal 2 og Fjøra i siste serierunde. Fjøra vann kampen 3-1 og sikra med det opprykk til 3.div og Norsk Tipping-ligaen.
Fjøra FK har gjort seg bemerka i cupsamanheng også. Mellom anna så har dei vunne Sør-Norge cupen i 1984, Firdacupen 3 gonger (1996, 1999 og 2001), samt at dei har spelt seg fram til 1. runde i NM 17 gonger (pr 2025). I 2007 kvalifiserte dei seg sågar til 2. runde, der dei møtte Stabæk på Sogndal stadion. Heile 777 betalande tilskodarar møtte opp og det var rekord i klubben. Fjøra tapte 4-0 mot stjernegalleriet til Bærumslaget. I 2023 kom klubben på ny til 2.runde der Brann var motstandar. Den regjerande cupmesteren vart for gode og vann 8-1 framfor 1294 tilskodarar.
Fjøra er ein klubb som ikkje har eigenrekruttering. Likevel har laget etablert seg som eit av dei betre laga i fylket og er i dag ein seriøs og veldriven klubb. Før 2016-sesongen fekk Fjøra tilgang til eige garderobeanlegg då dei fekk ein god leigeavtale med Sogndal om gamle garderobeanlegget på eine kortsida av Campus Fosshaugane. Dette har vore i bruk sidan og har gitt klubben endå meir sjel og klubbkjensle
For ein del år attende vart det gjort eit ærleg forsøk på å skriva historien til Fjøra med tanke på ei bokutgiving. Arbeidet kom brukbart i gong, men stranda då det tok for mykje tid. Det kom likevel noko svært positivt ut av dette då mannen bak bokprosjektet, Jan Fuglesteg, fekk samla inn utruleg mykje stoff om klubben. Dette betyr at Fjøra i dag sit på eit omfattande og unikt arkiv for ein klubb på dette nivået. Mykje av dette vart samla og skrive om i jubileumsutgåva i Fjøraposten i 2024 då klubben var 50 år.