Ertesvåg trenar Fjøra i 2012
Forfatter: Jan Fuglesteg
05. november 2011
Det har vore kjent ei stund no at Jan Rune Årøy og Bjørn Skjeldestad kom til å gi seg som trenarar i Fjøra etter årets sesong. No er hovudtrenar for 2012 på plass.
Det er Kjell Ertesvåg som tek over roret etter Jan Rune Årøy og vert hovudtrenar for Fjøra i 2012. Fjøra er svært nøgde med å få på plass ny trenar i god tid før sesongen 2012 startar opp. Me er også kjempenøgde med at det nettopp er Kjell som no tek over skuta. Kjell Ertesvåg er ein ekta Fjøragut og har både vore spelar og trenar for klubben tidlegare.
Kjell kom til Fjøra frå Norane som ung spelar i 1989 og vart umiddelbart ein suksess som targetman hjå raudtrøyene. Han spele i Fjøra i 5 sesongar, til og med 1993. Etter opphaldet i Fjøra gjekk turen vidare til Sogndal der han til og med vart toppscorar i 1995. Etter 3 sesongar i Sogndal gjekk turen vidare til Ski før han vende nasen heimatt til trivnadsfylket og spel for Førde. I 2000 kom han attende til Fjøra og spel i 2. divisjon. Han la deretter opp, men fortsette som sportsleg leiar i klubben også i 2001. Han har spelt 143 kampar for Fjøra og putta 88 mål. Så gjekk turen til Kaupanger, der han no har vore i 10 sesongar. Han har vore spelar, samt hovudtrenar for A-laga både på herre- og no dei siste 4 åra på damesida. Han har også trena Fjøra tidlegare. Det var i 1993-sesongen då han og Reidar Dvergedal trente klubben.
Det er ingen tvil om at Fjøra har fått tak i ein røynd, og ikkje minst god trenar som vil passe godt inn i klubben. Kjell kjenner Fjøra godt og veit godt kva den står for. Dette er ein viktig eigenskap for ein klubb som Fjøra.
Me ynskjer Kjell hjarteleg velkomen attende i klubben!