[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Trekning av dei siste sponsorkontraktane

Forfatter: Fjøra FK

03. oktober 2013

Fotball
News article image

Då speakertjenesta i hallen er ute av drift har me alt no trekt vinnarane for oktober, november og desember.

Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.

Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit reisegåvekort pålydande 4.000 kroner. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 2-4 vinnarar i slengen.

Reisegavekorta for dei tre siste månadene vart trekt ut på Økonomiserivce sine kontor i dag. Vinnarane finn du nedanfor:

 

Januar              Nr 303  Trond Eiken

Februar             Nr   51  Øyvind Barsnes

Mars                Nr   81  Rasmus Mo

April                 Nr   64  Åse Solberg Haugen

Mai                  Nr 269  Jorunn og Trond Hole

Juni                  Nr   92  Erlend Fardal Lunde

Juli                   Nr  103 Vegard Fardal Nes

August             Nr  377 AH Bygg

September        Nr  356 Inge Rolf Torstad

Oktober            Nr 150  Arne Helle

November         Nr 298  Signhild Sperle

Desember         Nr 211 Asbjørn Kjetil Grinde Håre