[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra snudde kampen mot KIL

Forfatter: Jan Fuglesteg

16. mars 2012

Fotball
News article image

Fjøra fekk to i fleisen etter 20 minutt i kveldens kamp mot Kaupanger, men viste moral og snudde 0-2 til 3-2 siger etter gode prestasjonar siste timen av kampen. Kampen sett under eitt så vann Fjøra kampen fortent.

Trenar Kjell Ertesvåg har sendt oss følgjande rapport frå kveldens kamp:

" Atter ein gong starta me noko passivt og nølande, og med eit veldig aggressivt KIL-lag vart me straffa så det sang. Ein dødballscoring i mot ved Wiklinsen og ein etter eit KIL-innlegg der dei vinn att ballen i returrommet, og same Wilkensen klinkar ballen inn frå 20 meter. 0-2 i sekken etter 20 minuttar. Desse dårlege startperiodane må me gjere noko med. Etter opningssjokket klarte me å komme oss sakte, men sikkert inn att i kampen, og siste 15 minutta av 1. omgang er me der me skal vere. Då kom bevegegelsar og trykk offansivt. Me reduserte til 1-2 etter glimrande angrepsspel, Sebastian T. Eriksen vart spelt fri i mellomrommet, og stakk fint til Ørjan Hjellhaug som netta sikkert. Klassemål.

Andre omgang har me føringa omgangen i gjennom. Me er flinke til å komme etter, og set KIL under press. 2-2 skåringa er ikkje ulik 1-2 skåringa, der Ørjan Hjellhaug igjen er på farten og rundar Rune Loven i KIL-buret etter at han fekk ein fin stikkar. Sigersmåtet vårt kjem etter at Magnus Hunemo kjem seg inn bak KIL-forsvaret, vender og legg ballen fint tilbake til Sebastian T. Eriksen som frå 11-meter set ballen trygt i mål. Me skapar målsjansar stort sett heile 2. omgang, men det vert med dei 2 flotte måla då. Med litt meir presisjon og timing hadde me komme til endå fleire sjansar.

Laget syner ein herleg moral etter å ha komme under 0-2. Då er det fort frustrasjon etc tek overhand, men spelarane held ein fin ro, og jobba seg innatt i kampen. Siste timen spelar me god fotball.

Kaupanger vert eit solid og hardtarbeidane lag som vert vanskeleg å møte denne sesongen. Dei har spelarar med gode ferdigheiter, og ein fin miks av ruitnert og ungdommeleg pågangsmot.


Totalt sett ein bra Fjørakamp om ein ser heilheiten over 90 minutt, men me må gjere noko med dei tafatte startminutta.
"



KAMPFAKTA

Kaupanger IL - Fjøra FK  2-3 (2-1)

Mål:

1-0, Øystein Wilkinsen, 18 min
2-0, Øystein Wilkinsen, 20 min
2-1, Ørjan Hjellhaug, 38 min
2-2, Ørjan Hjellhaug, 60 min
2-3, Sebastian T. Eriksen, 75 min

Domar:
xxxx

Tilskodarar:
Ca 30 stk

Kaupanger (4-4-2): Rune Loven - Eilert Brox Holme (David Osen frå 80. min), Kristoffer Dalaker, Lars Rune Haslestad, Eirik Menes - Øystein Wilkensen (Jonas Røysi frå 65. min), Jarle Ims, Hans Martin Wehler, Stig Ove Rygg (Henrik Røysi frå 60. min) - Ole Einar Rebni og WIlliam Nyhagen

Fjøra (4-2-3-1): Håvard K. Bøyum - Jørn Kvalvik, Torbjørn Ylvisåker, Ole Marius Solberg (Roger Hjellhaug frå 30. min), Sebastian T. Eriksen - Ole Morten Kvam, Ola Egge Ødegaard (Daniel Fylling frå 60. min) - Ørjan Hjellhaug (Kenneth Nondal frå 80. min), Espen Granlund, Kenneth Nondal (Marius M. Aaberge frå 60. min) - Noah Kellerhals (Magnus Hunemo frå 46. min)