Prematch Fjøra - Eid
Forfatter: Fjøra FK
19. september 2013
Toppkampen mot Eid vert spelt i flomlys på Campus fredag kl 20.00
Fredag klokka 20.00 er det klart for ein ny og spennande toppkamp for Fjøra sin del når Eid kjem på besøk. Kampen går seint i flomlyset på Campus Fosshaugane då Sogndal 3 skal møta Høyang kl 18.00 på same bane. Altså mykje god lokalfotball å sjå denne fredagskvelden, samt trekning av tre stk nye reisegavekort a kr 4000,- i pausen.
Eid og Florø 2 fekk førre helg ei lita luke på dei andre topplaga, og Fjøra er derfor heilt avhengige av full pott her for framleis å vera med i kampen om opprykk. Målsetnaden til Fjøra har som kjendt vore å kjempa i toppen heilt inn, og det vil derfor vera stor forskjell på tap og seier i morgon. Med tap mot Eid er toget gått for Fjøra sin del, mens med seier er laget med for fullt om krinsmeistertittelen. Då tabellsituasjonen er så jamn som den er vil resultata i dei siste tre rundane også bli svært avgjerande for kva plassering Fjøra til slutt endar opp med. Det kan bli alt frå første til sjetteplass slik det ser ut no.
Bortestatistikken til Eid er av det solide slaget i år og dei har faktisk vore vesentleg betre borte enn heime med åtte sigrar og eitt tap. Fjøra sin heimestatistikk er ikkje mykje dårlegare med sju sigrar, ein uavgjort og eitt tap. Eid ledar tabellen med 40 poeng medan Fjøra jagar bak med sine 36. Kampen i vår var jamn og enda til slutt 1-1 etter at Daniel Fylling hadde gitt Fjøra leiinga medan Ove Balsnes utlikna for Eid. Haustformen til Fjøra er 5-1-2 medan Eid sin er 6-1-1 så her ligg alt til rette for ein meget spennande og jamn kamp. Det er også verdt å merke seg at Fjøra sjeldan tapar heime mot Eid i seriesamanheng, me får håpe det ikkje skjer i morgon heller.
Treningane denne veka har vist at det er ein revansjesugen gjeng som vil hevna 5-2 tapet mot Florø 2 og me stiller truleg med denne troppen foran morgondagens kamp: Håvard B, Torbjørn Y, Ole Morten K, Roger H, Fredrik T, Olve Ø, Knut Ola H, Håvard L, Ørjan H, Daniel F, Magnus H, Arild U, Anders H, Kenneth N,
Det har ikkje lukkast redaksjonen og få ein kommentar frå Eid sin trenar Bjørn Totland. Kjenner me han rett sit han og bit negler medan han ventar på kampstart Tottenham-Tromsø!
Dei andre kampane i runden:
Sogndal 3 – Høyang
To lag midt på tabellen som kjempar om plassane 7-9. Me trur mest på heimelaget her, H
Dale – Skavøypoll
Dale ligg trygt midt på tabellen saman med SIL 3 og Høyang. Pollen har vesentleg meir å spele for i toppen sjølv om det neppe vert opprykk. Tynn B
Jølster – Florø 2
Svak haustsesong av Jølster som no kjempar med nebb og klør for å holde seg i divisjonen. Er blitt passert av Kaupanger og ligg no nest sist, noko me trur dei gjer også etter denne kampen, B
Sandane – Kaupanger
Kaupanger kjempar i første omgang ein kamp om å holde Jølster bak seg og kan få med seg poeng frå Sandane. Likevel trur me mest på heimelaget, sjølv om dei har svinga litt i prestasjonane i det siste, H
Balestrand – Førde 2 (mand)
Balestrand med nokre gode kampar i det siste og kan stikke kjeppar i hjula for nokon av tetlaga. Me trur Førde 2 vinn ein jamn kamp her, B