[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Retro og Fjøra All Star vinnarar av KL 2014

Forfatter: Fjøra FK

16. november 2014

Fotball
News article image

Retro vann dameklassen medan Fjøra All Star tok sin tredje turneringsseier då dei slo Gisle og Vikjene i finalen i herreklassen

Retro slo Victorious Secret 1-0 i damefinalen medan Fjøra All Star slo Gisle og Vikjene 2-0 i herrefinalen. Beste damespelar i turneringa vart Randi Lied medan Tarjei Vevle vart beste herrespelar. Det var mange gode lag med i årets turnering, både på dame- og herresida og jamne kampar heile vegen fram til finalen i begge klassar. Retro, beståande av Kaupangerspelarar fra tida 2003-2005, tok sin første seier medan Fjøra All Star no tok sin tredje etter også å ha vunne i 2004 og 2006.

Turneringa gjekk stort sett greit for seg og det var lite skadar, med unntak av Bjarte Hovland som var uheldig og landa for kjært på armen, noko som førte til både brudd og albogen ut av ledd. Bjarte vart frakta til Førde og operert i natt og me ønsker han alle god bedring!

 

1/8-delsFjøra All Star-Farande Fant2-1
1/8-delsJosteins Juveler-Gau Kam2-1eeo
1/8-delsOrnes-Innaføringane3-1
1/8-delsLeite Mix-B-Jax3-2
1/8-delsHangover 69-Førde Frukt og Sement2-3
1/8-delsGisle og Vikjene-Engebø Racing2-1
1/8-delsWasa-Mind The Gap3-2
1/8-delsStjernekua-Thundercunts0-1
Mlm spel DVictorious Secret-Ninjas2-1
Mlm spel DTeam Silobestao-Skroftsedn0-3
KvartfinaleFjøra All Star-Josteins Juveler2-1
KvartfinaleOrnes-Leite Mix3-2eeo
KvartfinaleFørde Frukt og S-Gisle og Vikjene0-1eeo
KvartfinaleWasa-Thundercunts1-3
Semi DameDyrepaken FC-Victorious Secret0-1
Semi DameRetro-Skroftsedn4-3str
SemifinaleFjøra All Star-Ornes5-0
SemifinaleGisle og Vikjene-Thundercunts1-0
Finale DameVictorious Secret-Retro0-1
FinaleFjøra All Star-Gisle og Vikjene2-0

Foto: Endre Romøren (Sogn Avis), Fjøra FK og privat