Ny Fjøraspelar
Forfatter: Fjøra FK
15. august 2013
Fredrik Tangen har signert for Fjøra
Som vanleg er det litt utskiftingar i Fjørastallen, både før og under sesongen, og siste tilvekst er Fredrik Tangen som denne veka vart klar for Fjøra. Fredrik er født i 1993 og skal starte på eit treårig økonomistudium ved høgskulen i Sogndal. Me vonar derfor me vil dra nytte av Fredrik ei stund framover då kontinuitet i stallen aldri er noko ulempe.
Fredrik er fra Stavanger og har den siste tida spelt høgreback for Randaberg i tredjedivisjon. Han er ein offensiv type som også kan bekle ei kant og midtbanerolle. Tidlegare har han også vore innom Stavanger og Molde 2, der han sist år gjekk på folkehøgskule.
Me ønsker Fredrik velkommen til Sogndal og Fjøra og håpar han vil trivast både i klubben og i bygda elles.