[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch: Skavøypoll IL - Fjøra FK

Forfatter: Jan Fuglesteg

10. juni 2012

Fotball
News article image

Fjøra tek i dag turen til Nordfjord og ein vanskeleg bortekamp mot Skavøypoll. Fjøra står med to sigrar på rad og har dermed plassert seg i sjiktet bak suverene Sogndal II. Ein kort prematch er klar.

Fjøra er på rett veg og framover handlar det om å stabilisera seg samt å stadig forbetra prestasjonane. Det er difor ein driv treningsarbeid. I tillegg handlar fotball like mykje om det som føregår inne i hovudet, spesielt inn mot kamp. Rett og slett mental førebuing. Den må vera på plass hjå samtlege, elles er det vanskeleg å vinna fotballkamper.

Me har fått følgjande kommentar frå trenar Kjell Ertesvåg i høve dagens kamp mot Polljen:

" Ny utfordrande bortekamp står for tur, denne gongen går turen til Vågsøy, og møte med sterke Skavøypoll.

Kampen mot Førde 2 var positiv på mange måtar, 1. omgangen der presterte me spel på det nivået me ynskjer. Då var det betre samhandling offansivt enn på lenge. Når i tillegg den rette innsatsen ligg i botn, så vert det som regel bra. Så fyrste bud mot Skavøypollen, må vere at me er førebudde på ein tøff kamp, og at her må det jobbast og krigast av samtlege. Er me der, så skal Skavøypollen få slite mot oss. Som nemnt før så er me i ein kritisk situasjon med noko tynn spelartropp, men dei som er med har ein verkeleg gyllen sjanse til å kapre seg ein plass på laget utover.
"

Fjøra reiser til Vågsøy med følgjande tropp:

Bjarte Hovland, Håvard Kristiansen Bøyum, Jørn Kvalvik, Stian Anhanger Solberg, Espen Granlund, Tor Ove Anuglen, Vegard Fardal Nes, Ola Egge Ødegaard, Magnus Hunemo, Ole Morten Kvam, Kenneth Nondal, Ørjan Hjellhaug og Johan Vorgaard.

Skavøypoll har opna sesongen som forventa. Me hadde forventa dei mellom dei 5 beste og der har dei også lagt seg til rette. På dei 7 første kampane har dei spelt til seg 13 poeng og med det lagt seg på ein fin 4. plass. Førre helg vart det eit 2-1 tap borte for Balestrand på Kreklingen stadion. Men det er først og fremst på heimebane at Skavøypoll så langt i sesongen har vist sin styrke der dei også er ubesigra. På dei fire heimekampane sine har det vorte 3 sigrar og ein uavgjort og dei står bokført med målskildanden 11-3. Solide både offensivt og defensivt med andre ord.

Fjøra har ein nokon liknand tendens å visa til. Når det gjeld borteforma til Fjøra så står dei bokført med 2 sigrar på 3 kampar etter 3-0 tapet borte mot Sandane. Knappe 1-0 sigrar mot Jølster og Høyang gjer at Fjøra har spelt seg til 6 bortepoeng på 3 kampar med målskilnaden 2-3. Me får håpa at scoringsforma for Fjøra losnar på bortebane også.

Dersom ein ser på bortestatistikken til Fjøra mot Skavøypoll i serien så viser den at laga har delt jamt mellom seg. Skavøypoll - Fjøra 2-1-2 13-12:

02.08.2003 Skavøypoll - Fjøra 3-4
27.08.2004 Skavøypoll - Fjøra 3-1
05.08.2005 Skavøypoll - Fjøra 3-2
17.06.2006 Skavøypoll - Fjøra 3-4 (ein rysare)
07.06.2007 Skavøypoll - Fjøra 1-1

All statistikk desse to laga imellom finn du her.

Som alltid; Fjøra gler seg til kamp og kjem til å leggja mykje i potten for at dei skal ta med seg poeng eim att til Sogndal.

Me kjem ikkje til å overføra kampen live her på fjora.no, så me henviser difor til Firda si live-teneste.