[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Påmelding Kjempenes Liga 2021

Forfatter: Fjøra FK

01. oktober 2021

Forside
News article image

Etter eit ufrivillig friår er me endeleg tilbake

Kjempenes Liga 2021 vert arrangert helga 12-13.november. Påmelding frå i dag til Malin Kristoffersen på [email protected] der du oppgir lagnavn, navn på kontaktperson, epost og telefonnummer. Du skal få bekrefting på at laget ditt er påmeldt og siste frist for påmelding er 3.november kl 21!

For tilreisande lag som ønsker å spela innleiande kampar laurdag prøver me så langt det er muleg å legge til rette for det, dette MÅ oppgis ved påmelding! Damelaga spelar i utgangspunktet innleiande fredag men viss nok lag blir det også spelt innleiande for dei laurdag. Me har i utgangspunktet plass til 24 herrelag og 8 damelag men vil vurdere å utvide dersom ny full gruppe slik som tidlegare.

Ver obs på at det i denne turneringa er begrensingar på antall aktive. Ein vert rekna som aktiv/lisens dersom ein i kalenderåret har starta seriekamp i 3.div eller høgare for herrer og 2.div eller høgare for damer. I tillegg vert ein rekna som aktiv/lisens viss ein har starta MEIR ENN 1 kamp i 4.div herrer. Maks 2 aktive/lisens i kvar tropp og maks 1 aktiv/lisens på bana om gangen.

Påmeldingsavgift 2000 kr må betalast seinast onsdag før turnering til konto 3705.14.67834 (merk betaling med lagnamn). Det vil vera kiosk med godt utval midt på langsida på tribuna

Velkommen til turnering og ikkje minst ein sosial kveld på Sogndal Hotell etterpå.

Sjå også turneringsreglementet og set dykk godt inn i dette. Nytt av året er at det vert innspark isf innkast. Ellers viktig å merke seg sklitakling forbudt