Fjørarevyen 2011
Forfatter: Jan Fuglesteg
28. november 2011
Datoar og tidspunkt for dei fire framsyningane av Fjørarevyen 2011 er no klare. Desse datoane gir me dykk sjølvsagt samt relavant informasjon om korleis ein kan skaffa seg billettar til herlegheiten.
Revyframsyningane kan i år sjåast i romjula fordelt på to dagar, nemleg:
Torsdag 29. desember kl 18.00 og 20.30
Fredag 30. desember kl 18.00 og 20.30
Nytt av året er at du kan bestilla billettar på nettet, printa dei ut heime og ta med deg dette på revyen. Billetten blir scanna i døra når du viser den fram. Skikkeleg trendy med andre ord.
Billettsalg over disk startar kl 12:00 torsdag 1. desember i billettluka ved Sogndal kulturhus. Det vert selt billettar over disk kvardag i perioden 12:00 - 15.30. I tillegg kan du kjøpa billettar når det blir vist kino på kulturhuset.
På nettet startar billettsalget kl 00:00 den 1. desember og er opent 24/7 (heile døgnet). Kjøp av billett på nett kan gjerast via: www.sogndal.kulturhus.no.
Besøk og heimesida til Sogndal kulturhus på Facebook.
Det vert IKKJE salg på Storsenteret eller Statoil i år.
PRIS: 270 pr. billett
Mvh
Fjørarevyen