[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Aafk 2 1-0

Forfatter: Fjøra FK

19. april 2017

Fotball
News article image

God start for Fjøra

Alt i alt vart det ein fortjent seier 1-0 i åpningskampen mot Aafk 2 i kveld. Aalesund var det beste laget i første omgang og hadde ein god avslutningen i tverra og ned og fleire store sjansar enn dette var det vel ikkje til nokon av laga dei første 45.

I andre omgang heva Fjøra seg og produserte etter kvart dei største sjansane samstundes som ein låg kompakt og ikkje slapp Aalesund skikkeleg til. Seiersmålet kom etter 59 minutt då Skjerven sprang seg fri på høgre og fann Mathias Flo med eit utsøkt innlegg. Flo gjorde ingen feil og breidsida ballen i mål til 1-0 leiing. Aalesund prøvde og etablere eit lite trykk mot slutten men i staden var det Fjøra som hadde nokre farlege sjansar på overgangar utan at dei lykkast med å punktere kampen.

Ikkje uventa ein jamn kamp i serieåpninga som Fjøra klarte og vippe i sin favør. Viktig for det unge Fjøralaget med 3 poeng i første kamp og mykje positivt og ta med seg inn i dei to neste bortkampane mot Spjelkavik og Os, og ikkje minst inn i cupkampen mot Sogndal neste onsdag

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Onsdag 19.04 kl 18.00

Arena: Campus Fosshaugane

Turnering: Serie

Dommar: Dan Kåre Esp

Fjøra – Aalesund 2 1-0 (0-0)

1-0    59 min Mathias Flo (Kenneth Skjerven)

Gult kort: Henrik Navarsete, Joar Hoberg (Fjøra) og Sigurd Tafjord (Aafk 2)

Fjøra:

Håvar Mjelleli

Kenneth Skjerven

Henrik Navarsete

Per Eirik Lunde

Joar Tryti

Ørjan Sørflaten

Joar Hoberg

Steffen Olsen (Torbjørn Oddenes frå 83.)

Eirik Kristoffersen (Stian Njøs frå 81.)

Mathias Flo

Bakary Traore (Espen Outzen frå 90.)