[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Balestrand - Fjøra FK 3-1

Forfatter: Fjøra FK

27. september 2013

Fotball
News article image

Fjøra leda fortjent til pause men så gjekk rullegardina ned og Balestrand avgjorde kampen til sin fordel.

Fjøra var det klart beste laget i første omgang mot Balestrand og leda fortjent 1-0 til pause etter scoring av Anders Hjeltnes. Målet kom etter at Per Eirik Lunde først vant to duellar i boksen til Balestrand etter corner før ballen havna hos Hjeltnes som sendte ballen vidare i mål. Fjøra hadde spelet i stort sett heile omgangen og også dei fleste sjansane. Den største hadde riktignok Balestrand då dei før det var gått ti minutt hadde ein ball i stolpen, og på returen klarte ikkje Balestrandspissen og stokke beina då han fekk ballen på blank kasse.

I andre omgang hadde mørket senka seg over Kreklingen og for Fjøra sin del skulle det bli ein bekmørk omgang. Sjølv om laget spelte i sine signalgule bortedrakter verka det ikkje som ein såg verken eigne spelarar, motspelarar eller ballen. Folk meldte seg ut, stod og såg på og forventa ting no skulle gå av seg sjølv. Forsvaret til Fjøra opptrådde passivt og lite kynisk rundt eigen sekstenmeter og eit aggressivt Balestrandlag kjempa Fjøra fullstendig ut av stilen. Alt tre minutt ut i omgangen fekk Peter Hellesøy tid til å svinga ballen elegant opp i lengste kryss og dermed like langt. Kun minuttar seinare mista Fjøra ballen ugunstig på eigen halvdel og James Nundu sklir gjennom midtforsvaret til Fjøra som varm kniv i smør… Eller var det kniv i varmt smør?!? Samma det, mål vart det og åtte minutt ut i andre omgang hadde Balestrand snudd kampen, akkurat det me snakka om i pausen som me ikkje skulle la skje.

Forferdeleg start på omgangen av Fjøra, og kampbildet hadde snudd fullstendig frå første omgang. Første halvdel av andre var Balestrand det klart beste laget og var på fleire farlege visittar framfor Fjøramålet. Rett og slett på grunn av innsats, tæl og engasjement, noko som var fullstendig fraværande i Fjøralaget. Med eit hederleg unntak, Knut Ola Høvik, som sto på og gjorde sitt beste i samtlege nitti minutt.

I det 66. minutt filmar ein Balestrandspelar seg til straffe, som Nundu set sikkert i mål. Svakt av dommar Lien, som stod godt nok plassert til at han burde sett det teatralske fallet til Balestrandspissen. Etter 3-1 hevar Fjøra seg ein smule men langt frå nok til å kunne ta heim noko poeng og dermed tre strake tap og ned på sjetteplass på tabellen.

Heilsvart andreomgang for tredje kamp på rad for Fjøra og ein veldig rar fotballkamp. Førsteomgang er veldig god og der styrer me absolutt alt. Andre omgang er kanskje årsverste og veldig skuffande når det står om viktige poeng og ein hederleg tabellplassering. Men det er ikkje anna å gjer enn å riste denne skuffelsen av seg og jobba som f.. inn mot neste fredag og siste seriekamp mot Førde 2. Tabellen er det berre å drita i, her bør det bety mykje for dei elleve som startar (og dei som kjem inn…) å få ein god opplevelse. Det er trass alt kjekkare å vinna enn å tapa og det må kvar og ein visa ute på bana. I kveld var det litt mykje Donaldar og klondrikar slik som ein nordpå ville sagt det….

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 27.09.13 kl 19.00

Arena: Kreklingen kunstgras

Turnering: Seriekamp

Dommar: Per Oddvar Lien

Tilskodarar: 15

Balestrand - Fjøra 3-1 (0-1)

0-1   34 min Anders Hjeltnes (Per Eirik Lunde)

1-1   48 min Peter Hellesøy

2-1   53 min James Nundu

3-1   66 min James Nundu (str)

Gult kort: Ingen

Balestrand:

Espen Staff, Christen Skaasheim, Fredrik Hanevik, Johannes Nilsson, Sondre Haugen, Jonas Heggestad, Marius Aarseth, Bjørge Eikelund, Kim Erik Våge, James Nundu, Jens Djurhus.

Fjøra (4-2-3-1):

Håvard Bøyum- Håvard Lilletvedt, Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug – Olve Øvstetun, Knut Ola Høvik – Magnus Hunemo, Daniel Fylling, Kenneth Nondal (Jan Tore Slinde frå 73.)– Anders Hjeltnes