Fjøra - Skavøypollen 0-0
Forfatter: Fjøra FK
13. juni 2015
Feriefotball fra Fjøra gav kun eitt poeng mot eit hardtkjempande Skavøypollen
Foto: Stig Høynes (haugenfotball.no)
Fjøra åpna godt og burde egentleg punktert kampen allereie etter 15 minutt. Midt i omgangen jamna det seg litt ut og Pollen hadde eit par småfarlege skot frå distanse. Mot slutten av omgangen heva Fjøra seg igjen og har to avslutningar i treverket, men Pollen jobba godt og heldt nullen til pause anført av ein meget solid Yngve Furnes i buret
Det Fjøra leverer i andre omgang er svært skuffande og lite som minner om at ein kjempar i toppen av divisjonen. Lavt tempo, stasjonært og veldig lite trøkk og engasjement i duellar og rundt andreballar. På slutten av kampen der folk hadde forventa ein sluttspurt ebba kampen i staden ut i ingenting og resultatet vart dermed 0-0. Fjøra har no ikkje sluppe inn mål sidan Høyang scora på Campus 08.mai. Uavgjort vart det også mellom Tornado og SIL3 så Førde 2 er det laget som har mest grunn til å vera fornøgd med fredagens resultat.
Skavøypollen forsvarte seg godt og basert på andreomgang var det heilt greitt at dei fekk med seg eitt poeng sjølv om dei har lite å by på offensivt. Utfrå den første omgangen burde absolutt Fjøra ha teke alle tre poenga. Me er svært skuffa over to tapte poeng då me føler me ikkje leverer i nærleiken av det me er god for. Heldigvis er det ny kamp allereie på tysdag då Vik kjem på besøk, ein fin muligheit til å snu kjerringa, som Jørn Jamtfall ville sagt det.
Eit lite jubileum for Håvard Lilletvedt som spelte sin kamp nummer 50 for Fjøra. Han kom til Fjøra hausten 2012 og har utvikla seg til å bli ein viktig bidragsytar for Fjøra både på og utanfor bana. Håvard er ferdig med sin bachelorgrad ved HSF og vert med Fjøra ut vårsesongen så er det framleis litt usikkert om både han og Sindre Sanden fortset på vidare studiar i Sogndal eller om dei flyttar frå bygda. Espen Staff og Knut Ola Høvik er ferdig med sine studiar og dei er alt flytta frå bygda medan Ole Martin Bolset og Anders Hjeltnes truleg flyttar i midten av august for vidare studiar.
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 12.06 kl 19:00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Johnny Skjerven
Fjøra – Skavøypoll 0-0 (0-0)
Gult kort: Ingen
Fjøra (4-2-3-1):
Andreas Horvei
--------------------
Ole Martin Bolset
Elias Saltnes (Per Eirik Lunde fra 73.)
Torbjørn Ylvisåker
Erik Fossnes
--------------------
Gøran Wigum © (Mats Nondal fra 78.)
Knut Ripe (Arild Underdal fra 60.)
--------------------
Sindre Rørvik
Steffen Olsen
Håvard Lilletvedt (Erik Loftesnes frå 70.)
--------------------
Anders Hjeltnes