Fjørafesten 2014
Forfatter: Fjøra FK
16. november 2014
Anders Hjeltnes stakk av med prisane og den nye Fjøratrenaren vart presentert
Fjørafesten 2014 gjekk av stabelen på Sogndal Hotell i går og Anders Hjeltnes stakk av med både pokalen for årets toppscorar og årets spelar. Velfortjent utmerking til Hjeltnes som enda på 22 mål og toppsorar i fjerdedivisjon saman med Fredrik Flo. I begrunninga for årets spelar heiter det:
"Årets spelar har vist stor utvikling den tida han har vore i klubben. Han er ein av dei med størst treningsoppmøte, og har vore ein svært nyttig spelar for Fjøra i årets sesong. Vedkommande likar seg betre på bana jo varmare det er i veret og treng derfor dei første 3-4 serierundane på å bli sveiva i gang. Sesongen i år var han på bana i samtlege minutt for Fjøra og enda opp med 22 mål totalt og toppscorar i fjerdedivisjon."
Det var ingen som runda eit rundt antal kampar i år, så det vart laga nokre småprisar der desse tre fekk diplom og eit par drikkebongar: Vegard Fardal Nes for årets comeback som varte eit par veker i august før han gav seg igjen, Eilert Holme for alltid å ha litt ekstra å bidra med i sosiale lag og Steffen Olsen for sitt bidrag til å holda oppe eit svært høgt engasjement i spelargruppa i årets sesong.
Tom Wolff Navarsete og resten av apparatet i Fjøra fekk påskjøning for innsatsen som er lagt ned i året som har gått og sist men ikkje minst vart Fjøra FK kåra til beste dommarklubb under miljøhelga i Førde. For dette får Fjøra ein fin påskjøning frå kretsen så takk til alle dommarane våre.
I tillegg til utdelingar av prisar vart Håvard Hatle presenteret som ny Fjøratrenar. Hatle kjem fra nokre år som SIL 3 - trenar og me vil ønska han lykke til no i Fjøra FK saman med Underdal og Ylvisåker. Me vil samtidig takka Leiv Inge Fimreite så mykje for innsatsen i årets sesong, han førte som kjendt Fjøra til ein andreplass på tabellen bak suverene Florø 2.