[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fyllings hörna

Forfatter: Fjøra FK

27. april 2013

Fotball
News article image

Ein av dei strengaste børsane hittil er klar.

Børs Fjøra FK - Dale 2-0, 26.04.2013        

Måtte verkeleg gå i meg sjølv når eg skulle skrive denne børsen. Ikkje berre har eg ein hangover som sjølv Myggen og Claus Lundekvam ville ha nikka anerkjennande til, kampen var i tillegg dørgande kjedeleg! Makan til søvndyssande forestilling skal ein leite lenge etter. Var meir som å sjå Schindlers liste baklengs på VHS. Nok om det, her kjem dei harde fakta:

XI:

  • Håvard Bøyum – 5

Behøvde vel knapt å utføre ei einaste redning gjennom heile kampen og vart like glad kvar gang han fekk eit tilbakespel så han fekk vera involvert. Vanskeleg å gi høgare karakter når ein er så lite involvert, og hadde eit par halvskumle involveringar i feltet som trekk litt ned. Russepresten tok seg i det minste godt ut i sola.

  • ÇǶ÷Í´¿àÈë¿Ú (Jørn Kvalvik) – 5

Etter fadesen utan sexyfotball forrige fredag har Jørn vore på meg som ein klegg denna veka og lova bot og bedring, men eg tykte ikkje dette levde heilt opp til forventningane. Guten hadde riktignok ein heading på mål og eit par spede forsøk på raid, men ellers var dette Jørn på det jamne. Kva har skjedd med målscorartaktene fra i vinter? Kvar har Jørn gøymt sexyfotballen? Er han for opptatt av børsen til Fylling og går dette utover prestasjonane? Følg med neste fredag!

  • Olem Solberg – 5/6

Tok seg greit av den eine mannen Dale sendte i angrep, men kunne gjerne prøvd nokre fleire crossarar, samt prøvd seg på nokre ”Even Hovland raid.”. Kanskje lettare når ein spelar høgre stoppar, ikkje venstre. God i duellspelet som vanleg og ser ikkje så treig ut som han faktisk er.

  • P.E.L – 5

Blir sett på svært få prøvar og ryddar opp i det som kjem, men har eit litt for upresist pasningsspel i dag. Slår litt for mange ballar der adressa er heller ukjent. Veldig få taklingar i dag óg, noko som er ulikt Per’n, men dette kan ha samanheng med at det ikkje baud seg så mange anledningar.

  • Kristian «Brille» Nornes – 4/5

Venstreback i 1.omg. indreløpar i 2.omg. Er som vanleg veldig aktiv på sida si, men gjer det i dag veldig vanskeleg for seg sjølv og lagkameratane. Vil ofte slå den forløysande pasningen og det låser seg litt i valga hans. Gjer ein grei innsats som indreløpar, men må (som resten av laget) bli flinkare til å orientere seg og la ballen gå hurtigare.

  • Øystein Wilkensen – 4

Ikkje heilt dagen for Wilko i dag. Litt upresist framover og nokre touch som ikkje kjenneteiknar Øystein i det heile. Posisjonerer seg godt defensivt, men me savnar litt meir trøkk og fart i det oppbyggande spelet. Som vanleg solid i duellspelet.

  • Olve Øvstetun – 5

Mykje balltrilling med tilløp til gode kombinasjonar på Olve før han må ut med ein ankelskade allereie etter 20 minutt

  • Ola Ødegård – 5

Hadde med trampoline på bana og slo derfor samtlege av dei rundt 1.90 høge Dalespelarane i hovudduellar i dag. Bra kjøp Ola! Blir spennande å sjå om han kan legge inn ein salto med skru i neste kamp for underhaldningen sin del. Ellers går det fortsatt litt for tregt med ball. Litt mange touch av og til, men spring som vanleg veldig langt og lenge.

  • Kenneth Nondal – 4/5

Eg trur Kenneth har køyrt så mykje ringbuss dei siste dagane at han rett og slett ikkje orka å ta med seg nokon av Dalebackane på same turen ned langs kritlinja. Blir sett opp ein del gonger 1 mot 1, men det vil seg liksom ikkje heilt. Får pluss for ein praktfull assist til Ørjan, og det er slike prestasjonar som bør vere lista til Kenneth framover.

  • Mats Nondal – 4

Åpnar greit med ein del innleggsforsøk og driblingar, men går seg fast litt for ofte og er for upresis i banespelet. Verkar å gå litt sur utover 1.omgang og er einaste spelaren eg kjenner som blir like oppgitt over seg sjølv når han brenn ein målsjanse som Mats Solheim. Kjem sterkare tilbake.

  • Arild Underdal – 5

Tykte Arild gjorde mykje bra med ball feilvendt i dag, men det er synd han ikkje får ballen oftare! Bør brukast meir i kombinasjonsspelet når motstandarane legg seg såpass lågt. Kjem til ein stor målsjanse, men brenn diverre denne. Ny hårsveis dreg veldig opp!

 

Innbytarar:

  • Knut Høvik - 5

Knut, som endeleg var frisk fra sin ankelskade, kom inn og gjorde ein grei figur. Har ferdigheitene og farten til å dra av folk på midten og kan gjerne prøve på dette oftare, spesielt i kampar som i dag. Litt upresist siste tredjedelen av bana dog. Har, etter ein lang diskusjon på benken, endeleg lært meg å skrive etternavnet til Knut rett, noko eg er spesielt nøgd med i dag.

  • Roger Hjellhaug – 5

Får ein omgang på venstreback. Ein del gode initiativ framover som til slutt blir krona med assist på 1-0 målet. Bra! Som resten av laget litt for upresis i pasningsspelet og gjer litt feil valg nokre gonger.

  • Håvard Lilletvedt – 5

Fekk, som Roger, spele heile 2.omgang, men som høgrekant/indreløpar. Scorar det utruleg viktige 1-0 målet, som også er årets første Fjøra-mål i 4.divisjon. Gjer ein del bra med ballen og kombinerer fint fleire gonger. Pluss for fint bilde på Snapchat til Fylling etter kamp!

  • Ørjan Hjellhaug -5

Spelar dei siste 25-30 minuttane som høgrekant og tilfører mykje fart framover. Er mykje meir direkte og gjennombruddshissig enn resten utpå der og får betalt for dette når han blir tredd igjennom av Kenneth på 2-0. Må fortsette i samme sporet framover.

Før kampen/pauseunderhaldning:

Sjølv med 5 innbytarar på benken i dag tok unge Fylling ingen sjansar med heppingen i dag og tok med eigen heppevenn, nemleg Fjøra-patriot Stig Morten Norheim. Heppingen var før kampen prega av mykje skyting på mål der Fylling var målmann og Norheim eksekutør. Måla rann inn og Norheim viste gryande vårform. I pausen var det ein litt umotivert Stig som, sikkert litt mett av all suksessen før kampen, møtte opp og etter eit par pasningar vart det å setta seg godt til rette på benken i påvente av 2.omgang. Likevel vart dette ei kjempeøkt i strålande solskin, og til vill jubel for dei tilreisande.

  • Stig Morten Norheim – 7 (Fjøra’s Beste!)

Viser spelarane korleis det skal gjerast før kampen og korleis det skal feirast etterpå.

  • Daniel Fylling – 3

Elendig som keeper og gjer jobben enkel for Norheim. Skjerpings!