Fjøra - Vik 4-0
Forfatter: Fjøra FK
16. juni 2015
Grei seier mot Vik
Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no
Fjøra tok tak i kampen frå start i dag og alt etter tre minutt var Rørvik åleine gjennom men ein god Stig Roar Hovland hindra mål. Halvvegs ut i omgangen hadde Underdal ein avslutning i tverra før han følte seg snytt for straffe like etter. Dommar Lien hadde fløyta i munnen men det vart ikkje lyd i fløyta og dermed ingen straffe. Etter kvart som tiden gjekk fekk Vik meir og meir trua på at dei kunne stjele poeng mens presset til Fjøra falt litt. Vik hadde ein stor sjanse åleine mot Horvei men aurlendingen kom fint ut og avverga saman med Elias Saltnes. Rett før pause vart Mats Nondal spelt fri men kom litt for nær Hovland då han skulle avslutta og dermed vart det 0-0 til pause.
Fokus i pausen var tolmodighet og me hadde god tru på at målet før eller seinare ville komme. Samstundes ønskte me litt smartare bevegelsar rundt boksen til Vik og tydelege valg med ball
Dommaren hadde knapt blåst i gang andre omgang før Hjeltnes stakk hol i Vikballongen etter flott innlegg av Mats Nondal. Kampen åpna seg dermed opp og Fjøra fekk større rom å springa i mot eit litt tamt Viklag. Fjøras andre mål kom etter om lag timen då Olve fann Daniel Fylling på eit frispark. Fylling, som sjølv meinte han var 3 kg for stor for Fjøradrakta, kom inn då Arild måtte gi seg like før pause. Som om ikkje Fylling var frekk nok til å få med seg eit mål stjal han også kapteinsbindet då Fjøra valgte å spare Wigum siste tjue minuttane. Kvarteret før slutt fann midtstoppar Per Eirik Lunde fram Pirlofoten og spelte ein aldeles nydeleg stikkar til sambygding og slektning Anders Hjeltnes. Hjeltnes kvitterte med ein minst like nydeleg lobb over Stig Roar Hovland og 3-0 til Fjøra. Til slutt var det Ole Martin Bolset som gjorde det meste sjølv på høgresida før han slo eit godt innlegg som ein Vikspelar sette i eige mål og 4-0.
Ein kamp på det jevne av Fjøra. Som vanleg god kontroll bakover mens det går litt i bølgedalar framover. Når me får det første målet produserer me mykje meir og det er berre eit spørsmål kor stor sigeren skal bli
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Tysdag 16.06 kl 19:00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Per Oddvar Lien
Fjøra – Vik 4-0 (0-0)
1-0 46 min Anders Hjeltnes (Mats Nondal)
2-0 60 min Daniel Fylling (Olve Øvstetun)
3-0 74 min Anders Hjeltnes (Per Eirik Lunde)
4-0 85 min Sjølvmål (Ole Martin Bolset)
Gult kort: Ingen
Fjøra (4-2-3-1):
Andreas Horvei
--------------------
Knut Ripe
Per Eirik Lunde (Erik Fossnes fra 75.)
Elias Saltnes
Olve Øvstetun
--------------------
Gøran Wigum © (Erik Loftesnes frå 70.)
Ole Martin Bolset
--------------------
Sindre Rørvik
Arild Underdal (Daniel Fylling frå 42.)
Mats Nondal (Stian Solberg frå 82.)
--------------------
Anders Hjeltnes