SIL 3 - Fjøra 0-3
Forfatter: Fjøra FK
09. mai 2014
Fjøra tilbake på vinnarsporet i lokalderbyet
Fjøra slo tilbake etter to svake kampar og kriga i land ein fortjent 3-0 seier mot Sogndal 3 på Campus. Kampen starta jamnt og begge lag hadde nokre nestensjansar. Fjøra hadde også ein stor ein ved Underdal som bles ballen over frå kort hold. 14 minutt ut i kampen tek Håvard eit kjapt kast til Steffen midt på halvdelen til Sogndal. Sistnemnte bankar til på halvspretten og ballen fyk inn oppe i hjørnet for Mjelleli i Sogndalburet, kanonscoring av Fjøra sin langbeinte student og 1-0 leiiing. Årets mål på Campus uansett divisjon? Mål pregar ofte kampar og etter denne scoringa tok Fjøra over initiativet i kampen og pressa Sogndal 3 bakover på bana.
Etter ca halvtimen er Olve vaken og tek eit kjapt frispark til Arild som plutseleg er åleine med keeper. Arild gjer ingen feil og nettar sikkert i lengste hjørnet. Nokre minutt seinare gjer Anders det meste sjølv på Fjøra si høgreside då han dreg av to mann før han nettar sikkert og 3-0 til pause.
God omgang av Fjøra der Sogndal 3 knapt skapar noko som helst. Tydeleg at Fjøraspelarane ville visa seg frå ei heilt anna side enn førre kamp mot Tambarskjelvar og både innsats og engasjement var på eit mykje høgare nivå i dag. Så får det heller vera at pasningskvaliteten var litt opp og ned, den får komma etter kvart.
Andre omgang hadde ikkje noko høg underholdningsverdi då Fjøra ikkje klarte å holde oppe det same trøkket som i første. Sogndal 3 var meir med i kampen og køyrde opp presset sitt litt, dog utan at dei kom til så mange store sjansar. Fjøra på si side sleit med å koma i gang igjen men hadde nokre farlege kontringar. Stort sett ein omgang Fjøra brukte til å sikra poenga og dermed ebba kampen ut med 3-0.
Bonus:
3 – Per Eirik Lunde
2 – Anders Hjeltnes
1 – Kees Erstad
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 09.05 kl 17:30
Arena: Campus Fosshaugane
Turnering: Seriekamp
Dommar: Thor Kristian Sortevik
SIL 3 - Fjøra 0-3 (0-3)
0-1 14 min Steffen Olsen (Håvard Lilletvedt)
0-2 33 min Arild Underdal (Olve Øvstetun)
0-3 36 min Anders Hjeltnes (Daniel Fylling)
Gult kort: Per Eirik Lunde, Knut Ola Høvik, Kenneth Nondal
Fjøra (4-3-3):
Espen Staff- Håvard Lilletvedt, Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker, Mathias Nese - Knut Ola Høvik, Steffen Olsen (Kees Erstad frå 30.), Daniel Fylling (Kenneth Nondal frå 46.)- Anders Hjeltnes, Arild Underdal (Karlis Bremers frå 71.), Olve Øvstetun (Victor Aguiar frå 85.)