[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Skavøypollen - Fjøra 2-5

Forfatter: Fjøra FK

03. oktober 2015

Fotball
News article image

Fjøra avgjorde siste kvarteret

Fjøra vann fortjent 5-2 mot Skavøypollen men måtte venta til siste kvarteret før kampen vart avgjort. Fjøra åpna best og før me var komen halvvegs i omgangen hadde Mathias hatt to ballar i nettet. Dessverre for Mathias og Fjøra vart begge annullert for offside. Det andre var greit mens me er svært usikre om det første vart vurdert riktig av linjemannen.

27 minutt ut i omgangen rulla Fjøra fint opp eit angrep på si høgreside etter at dommar Sandal fint hadde brukt fordelsparagrafen. Mathias slo inn til Loftesnes som kunne avslutta sjølv men valgte å slå vidare til Mats. Mats brukte eit touch før han breidsida ballen inn i hjørnet og fortjent leiing til Fjøra. Siste kvarteret datt Fjøra litt og i det 37. minutt utlikna Solvang frå skrått hold etter at Fjøra ikkje fekk avklart. Rett før pause rulla Mats og Eirik fint opp på venstresida. Kristoffersen fann Loftesnes med ein god pasning på bakerste, men Loftesnes skaut først rett på keeper før han blåste ballen over, enorm dobbelsjanse men 1-1 stod seg altså til pause.

Fokus i pausen var litt meir tempo og vending av spel samt å vera tolmodig for kampen ville åpna seg opp etterkvart. Og kun to minutt ut i andre omgang fekk Loftesnes revansj for dobbelsjansen han missa på like før pause. Steffen fann Mathias i bakrom, men ein god redning frå Furnes hindra scoring før Loftesnes var våkent frampå og banka returen i kassen. 2-1 til Fjøra vart til 2-2 ti minutt seinare då me lot Silden få tid inne i boksen til å hamra ein andreball i lengste hjørnet. Etter dette måtte me byta både Steffen og Ole Martin som sleit med skadar, men inn for desse kom gode erstattarar i Wigum og Saltnes.

Kvarteret før slutt heada Panser-Per ein corner frå Kristoffersen i mål før Mathias Flo gjorde det meste på eiga hånd fem minutt seinare. Eit godt innlegg frå Loftesnes vart plukka opp av Flo på bakerste, men han fekk kjapt eit par Pollenspelarar på seg. Men med eit par skotfintar og litt vrikking på rompa skaffa Flo seg akkurat nok rom til å curla ballen i lengste kryss med venstreslegga. Kampen var no avgjort og på overtid sette Flo sitt andre for dagen etter vakker gjennombruddspasning frå Mats.

Solid kamp igjen av Fjøra, spesielt andre omgang der alle tek ansvar etter at Pollen utlikna til 2-2. Me takkar Erik Fossnes for innsatsen idet han no skal eit år i militæret og ønsker han hjertleg velkomen tilbake ved ein seinare anledning. Me må også takka Tone Sviggum Kristoffersen for at ho hjalp son sin med å bake kake i anledning avskjedskampen til Fossnes, den gjekk ned på høgkant allereie før kampen. Oppskrifta på suksess!

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Lørdag 03.10 kl 15:00

Arena: Skavøypoll stadion

Turnering: Seriekamp

Dommar: Andreas Sandal

Skavøypoll – Fjøra 2-5 (1-1)

0-1    27 min Mats Nondal (Erik Loftesnes)

1-1    37 min Rune Solvang

1-2    47 min Erik Loftesnes (Mathias Flo)

2-2    57 min Steven Silden

2-3    76 min Per Eirik Lunde (Eirik Kristoffersen)

2-4    81 min Mathias Flo (Erik Loftesnes)

2-5    90 min Mathias Flo (Mats Nondal)

Gult kort:  Steffen Olsen

Fjøra (4-2-3-1):

Andreas Horvei

--------------------

Erik Fossnes

Per Eirik Lunde

Knut Øystein Ripe

Eirik Kristoffersen

--------------------

Kees Erstad

Ole Martin Bolset (Gøran Wigum frå 75.)

--------------------

Erik Loftesnes

Steffen Olsen (Elias Saltnes fra 63.

Mats Nondal

--------------------

Mathias Flo