[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjørabloggen 2015

Forfatter: Fjøra FK

22. februar 2015

Fotball
News article image

Eit lite innblikk i treningskvardagen til Fjøra

Ny oppdatering frå det som FrP ville ha omtalt som ein folkeleg klubb. Medan andre klubbar enten integrerar spelarar frå til dømes Afrika, Aust-Europa og Sør-Amerika, eller reiser til sydlegare strøk på jakt etter noko som er betre enn norske forhold, held Fjøra fortet her heime i Sogn. Mellom anna er Sognamaol og -utrykk etter kvart no igjen dominerande i treningskvardagen. Det er ein eigen sjarm med sveitte sogningar som spring etter ein ball medan dei snøftar og roper på eit språk som berre dei sjølv latar til å forstå. Til tider verkar det som om taktikken enkelt og greitt er å bjeffe høgt nok til at ballen av eige initiativ skal finne vegen i mål.

To nye flotte representantar for denne indrefileten av norske dialektar er Gøran Wigum og Sindre ” Il tempo gigante” Rørvik, som nok begge ser fram til å gjere strandsitjarar av seg. Begge har derimot slitt litt med integreringa fram til no. Etter at Gøran forgjeves forsøkte å bomme ein pris etter trening, berre for å oppdage at det ikkje var nokon andre som snusa, er ordet på gata (Gravensteinsgata) at kontrakten har vorte reforhandla til at det skal ligge ein boks snus i medisinskrinet til ei kvar tid. Elles har trenarteamet presentert Rørvik for spelargruppa, men det er ingen av oss som endå har fått sjansen til å helse på ”Il tempo gigante”. Litt sjenert og med snøggleik som varemerke er det ingen som endå har kome nærme nok til å kommunisere med kaupingen. Per har derimot lova å klyppe han ned så snart han får sjansen, så vi får tatt ein nærare kikk på denne karen.

Stikkordet for dei to siste treningsvekene har vore intensitet og trøkk. Til tider har det slått gnistar i duellane og lukta svidd gummi i kunstgrasdekket etter susande sklitaklingar. Der strandsitjarane står fram som menn på trening er det stadfesta fleire som i smerte har grått seg gjennom pinefulle dusjar med vatn på brannsår, etter øktene. Då Tobbe ikkje alltid sjølv deltek på spelsekvensane har han fått sjansen til å prøve seg som dommar i høg temperatur, dette med vekslande hell. Ved eit tilfelle måtte storbonden Hatle avslutte økta med nokre velvalde ord om at dersom spelargruppa brukte like mykje energi på å spele fotball, som dei brukte på Tobbe som dommar, kunne han personleg garantere at Fjøra ville spele tippeliga innan 4 år.

Tobbe har saman med Per elles komme i fokus på grunn av sine nye sko, der det eine paret er signalraudt og det andre har ein nyanse av korallblått. Ein særskild spesiell kombinasjon for ein stopparduo. Derimot hadde begge to utan tvil og bokstaveleg tala glidd umerka inn i baktroppen til årets Stockholm Pride Parade. Mats har derimot fokus på andre detaljar, og ønskjer meir fokus på avslutningstrening. Dette var hans umiddelbare konklusjon rett etter at han eigenhendig skaut vekk alle  ballane i løpet av ei speløkt. Dette framlegget vart umiddelbart støtta av Campus Challenge-gjengen som prøvde å gjennomføre ei crossfit-økt i det dei i ettertid omtala som ”ei krigssone”, bak målet.

Til sist vil bloggen komme med ei oppmoding til alle som har eit hjarte for, eller litt følelsar, eller i det minste ønskjer ein kort romanse med Fjøra, om å kjøpe Fjøra-kontrakt og delta i trekninga om reisegåvekort. Til liks med alle andre norske klubbar er styret fargeblinde når det gjeld svarte og raude tal i budsjettet, og vi er difor ekstremt takksame ovanfor eksterne sponsorar og gåvmilde privatpersonar som bidreg til at vi kan halde fram med vår favorittaktivitet. Tusen hjarteleg takk!

Snakkast bloggen!