[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Førde 2 - Fjøra 0-2

Forfatter: Fjøra FK

04. juni 2014

Fotball
News article image

Solid gjennomført kamp av Fjøra og tre poeng i ein jamn fotballkamp

Ikkje det store spelet for Fjøra i kveldens kamp men ein voldsom laginnsats gav tre verdifulle poeng. Jamn kamp der Fjøra framstår mest solid, både rundt motstandaren sin sekstenmeter og ikkje minst rundt vår eigen. Fjøra hadde dei største sjansane medan Førde hadde trykket i store deler av andre omgang men utan å skapa meir enn eit par store sjansar. 1-0 kom på overtid i første omgang etter god jobb av Kees som sprang opp ein ball nede ved Førde sitt hjørneflagg. Innlegget traff Hjeltnes inne i boksen som med ein vakker heading gav Fjøra leiinga.

I andre omgang pressa Førde Fjøra meir og meir bakpå og Fjøra fekk etter kvart fleire og fleire overgangar. Det vart mykje langt frå begge lag men solid innsats i dei bakre rekker gjorde at Fjøra nok ein gang heldt nullen. Fem minutt før slutt braut Steffen fint på midten før han gav vidare til Hjeltnes som avgjorde kampen med si andre scoring.

Ikkje tvil om at Fjøra er i flytsona om dagen og no ventar kunstgrasåpning og ny toppkamp i Deknepollen på fredag. Då er fleire spelarar også venta tilbake etter at me reiste til Førde i dag med kun Victor Aguiar og Frode Kvåle som reservar. Ekstra takk til Frode som stillte opp då me var litt i beit for folk.

Prøver oss på nokre bonuspoeng i dag og, sjølv om alle saman fortjener ekstra honnør og mozartkuler for dagens innsats:

Bonus:

3 – Per Eirik Lunde

2 – Anders Hjeltnes

1 – Espen Staff

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Tysdag 03.06 kl 19:00

Arena: Hafstadparken

Turnering: Seriekamp

Dommar: Ståle Sandal

Førde 2 - Fjøra 0-2 (0-1)

0-1   45 min Anders Hjeltnes (Kees Erstad)

0-2   85 min Anders Hjeltnes (Steffen Olsen)

Gult kort: Per Eirik Lunde

Fjøra (4-2-3-1):

Espen Staff- Sindre Sanden, Per Eirik Lunde (C), Torbjørn Ylvisåker, Knut Ripe- Steffen Olsen, Kees Erstad- Anders Hjeltnes, Olve Øvstetun, Håvard Lilletvedt (Frode Kvåle fra 88.)- Arild Underdal (Victor Aguiar fra 73.)