Tips serierunde 14
Forfatter: Jan Fuglesteg
03. august 2012
Serierunde 13 står for tur i den lokale 4. divisjonen og i det høve har me vurdert kampane i runden.
Runden vert sparka i gang med kampen Fjøra - Jølster i morgon fredag 3. august og me kjem attende med ein prematch i høve den. Me tippar ikkje utfall av eigne kampar, men utgangspunktet er at me sjølvsagt ynskjer å vinna alle kampar.
Skavøypoll IL - IL Høyang (laurdag 4. august)
Skavøypoll fekk seg ein solid siger bortemot Kaupanger i førre runde og med den sigeren er dei med i toppen av tabellen (som dei har vore heile sesongen). Skavøypoll er eit topplag og kjem til å vera det sesongen ut. 3-0 borte mot KIL er eit sterkt resultat, men det er først og fremst heime på eige kunstgras at Polljen er gode. Dei har til gode å tape på heimebane i år. Høyang har plassert seg rundt midten av tabellen, men det som er viktig er at laget er i god form. Vann sine siste to før ferien og følgte opp med siger 4-2 mot Førde II i førre runde. Skavøypoll vann den omvendte kampen 2-0 i vår og me trur at dei også tek alle poenga denne gongen.
TIPS: H
Veitastrond IL - Balestrand IL (sundag 5. august)
Dette er ein kamp mellom to lag som gjekk på tap i førre runde. Dette er også ein kamp mellom to lag som er inne i ein stim med høvesvis mange heimekampar (Veitastrond) og bortekampar (Balestrand) på rad. Veitastrond tapte 3-2 heime mot Dale og er for tida inne i ein tung periode resultatmessig. Balestrand er også inne i ein tung periode og rauk heile 7-0 borte for Jølster i førre kamp. Balestreningane er klart best heime, og medan dei på bortebane kun står med eitt poeng på 5 spelte kampar. Me trur dette vert ein jamn batalje og trur at laga deler poenga på Leikvoll. Leikvoll er ikkje lenger det "fortet" det eingong var for VIL.
TIPS: U
Dale IL - Sandane T&IL (sundag 5. august)
Botn mot topp dette her. No skal det kjapt leggast til at til tross for at Dale ligg nest sist så er dei litt på gang. Slo til med ein flott bortesiger mot Veitastron i førre runde og før ferien vart det 0-0 heime mot Jølster. Dale er like gode heime som borte. Sandane er eit topplag og har eit høgt maksnivå når dei får ting til å klaffe. Skapar mange sjansar og brukar for mange sjansar på å score mål. Større effektivitet hadde gitt fleire poeng. STIL står med 2 uavgjorte kampar på rad og er nok interesserte i å koma på vinnarsporet att. STIL er favorittar, men det er ingen lette kampar i denne divisjonen. Likevel får blåtrøyene eit klart tips.
TIPS: B
Sogndal II - Kaupanger IL (måndag 6. august)
Rundens lokaloppgjer. Kaupanger mot Sogndal. Det betyr prestisje. Mest for grøntrøyene sin del. Sogndal II er det klart beste laget i avdelinga. Scorar desisdert mest og då betyr det mindre at dei har sleppt inn nokre mål meir enn Polljen og Fjøra. Sogndølene spelar flott fotball og dei har stor løpskraft og gode dugleikar i laget. Kaupanger ligg plassert så vidt på øvre halvdel. KIL tapte klart mot Skavøypoll i førre runde, ein kamp dei burde ha vunne om dei skulle hatt forhåpningar om å nærma seg tetlaga. Dette er ein småguffen kamp for Sogndal II, sidan det er snakk om eit lokaloppgjer. Sogndal II er det beste laget og me tippar at dei vil vera fullt ut konsentrerte på sine arbeidsoppgåver.
TIPS: H
Førde II - Lærdal IL (måndag 6. august)
Kamp mellom to lag som ikkje er i form. Førde II har tapt sine siste 4 kampar, Lærdal står bokførd med berre eitt poeng sålangt i sesongen. Førde II kjemar på nederste del av tabellen og er avhengige av tre poeng - både for tabbellen si skuld og ikkje minst for å snu den negative trenden dei er inne i. Lærdal slit endå tyngre og det vil vera litt av ei bragd dersom lærdølene skal kunne berge plassen i divisjonen no. Då må dei vinne denne kampen. Det trur me ikkje dei greier.
TIPS: H