[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

To kampar på Campus komande veke

Forfatter: Fjøra FK

06. april 2013

Fotball
News article image

Førstkomande veke går Fjøra sine to siste treningskampar av stabelen, og dei vil gi ein god peikepinn på kvar laget står like før seriestart.

Mandag kl 18.00 står SIL2 ,forsterka med reservar frå a-laget til Sogndal, på motsatt banehalvdel, mens torsdag kl 18.00 kjem Eid på besøk i det som vert generalprøva til Fjøra før seriestarten borte mot Jølster fredag 19.april.

Eid har i år vore på treningsleir på Kypros, same plass der Fjøra var fleire gonger, mens Fjøra i år nøyde seg med eit opphold i Bergen. Begge desse vil nok verte å finna i toppen av fjerdedivisjon avdeling  Sogn og Fjordane og det vert spennande å sjå styrkeforholdet laga imellom torsdag 11.april kl 1800.

Før dette er det derimot SIL2 som ventar mandag. Laget rykka som kjendt opp i suveren stil fra fjerdedivisjon i fjor, og skal no freista etablere seg i tredjedivisjon. Tommy Øren sitt mannskap er nok sterkare enn på mange år og med litt drahjelp fra reservane på førstelaget, trur me laget vil hevda seg på øvre halvdel i divisjonen over Fjøra. Dette vert nok også eit møte med x-Fjøraspelar, Anders Hella, som nyleg fekk kontrakt med Sogndal sitt a-lag. Me gratulerer stordguten med innsatsen så langt og ønsker han lykke til vidare på fylket sitt flaggskip.

For Fjøra sin del var det framskritt og spore i det defensive arbeidet under Bergensoppholdet, trass ein liten femtenminuttars kollaps i den eine kampen. Konkurransen om plassane på laget har hardna til, og det blir no viktigare og viktigare og prestere når ein får sjansen. Stallen ser jamn, solid og breiare ut enn på lenge, noko me håpar vil resulterere i bedre og bedre prestasjonar av kvar enkelt ute på bana.

Troppen mot SIL2 er som følger: Håvard Bøyum, Jørn Kvalvik, Torbjørn Ylvisåker, Vegard Nes, Roger Hjellhaug, Olve Øvstetun, Ola Ødegaard, Knut Ola Høvik, Mats Nondal, Kenneth Nondal, Ørjan Hjellhaug, Arild Underdal, Eilert Holme, Per Eirik Lunde, Øystein Wilkensen og Daniel Fylling.

Me håpar så mange som muleg vil ta turen til Campus for å sjå litt lokalfotball desse to dagane!