Siger i årets siste heimekamp
Forfatter: Jan Fuglesteg
01. oktober 2012
Fjøra slo Dale 3-1 etter at det stod 1-1 ved pause. Etter kvilen tok Fjøra seg saman og var gode nok til å dra sigeren i land.
Men det var ikkje nokon god kamp frå Fjøra si side dette. Trenar Kjell Ertesvåg har sendt oss følgjande kommentar:
" Me vinn 3-1 på ein dårleg kveld, det er positivt. Ein svak forestilling dette, engasjement, glød og vilje til å ofre seg var for ofte fråverande.
Når det ikkje er på plass, kan ein ikkje forventa at me får til spelet. Dei få gangene me engasjerte oss offansivt, fekk bevegelse og fart i ball, så skapte me sjansar med ein gong. Diverre skjedde dette for sjeldan.
Andre omgang er noko betre enn fyrste, og nok til at me fekk med oss 3 poeng. Me skåra 3 flotte mål, då spelar og presterar me godt.
Måla kom ved Mats Nondal, Kenneth Nondal og det var eit sjølvmål då ein hardt pressa Dalespelar sette ballen i eige mål.
Positivt var det og at alle 4 innbytarane presterte godt, og var direkte avgjerande for at me drog sigeren i land.
No gjenstår ein kamp, det er på Kreklingen i Balestrand fredag 5. oktober. Då satsar me på eit heiltent Fjøramannskap som vil avslutte sesongen på ein god måte! "
KAMPFAKTA
Fjøra FK - Dale IL 3-1 (1-1)
Mål
0-1, Jan-Anders Tonning Wichstrøn
1-1, Mats Nondal
2-1, Sjølvmål
3-1, Kenneth Nondal
Gult kort
Stian Anhanger Solberg, Fjøra.
Tilskodarar
Ca 50 stk
Domartrio
Vebjørn Nord Haugland, Eid IL. Assistentar: Rune Haugland, Haugen IL og Toni Lotsberg, Haugen IL.
Fjøra (4-4-2): Håvard Kristiansen Bøyum - Jørn Kvalvik (Stian Anhanger Solberg frå 55. min), Vegard Fardal Nes, Torbjørn Ylvisåker, Ola Egge Ødegaard - Ole Morten Kvam, Knut Ola Høvik (Eivind Gjerald frå 62. min), Kenneth Nondal, Mats Nondal (Per Lunde frå 75. min) - Håvard Lilletvedt (Daniel Fylling frå 55. min) og Anders Lunde Hjeltnes
Dale (4-4-2): Håkon Thuland - Martin Tonning, Idar Haugen Rochlenge, Runar Aune, Kim Frode Solheim - Eirik Systaddal, Henrik Kummeneje, Einar Aase, Simen Stølen - Jan-Anders T. Wichstrøm og Magne Hillersøy
Innbytarar:
Tommy Holm, Vegar Kjos, Christopher Skadal, Vegard Vesterås