Fjøra - Florø 2 3-2
Forfatter: Fjøra FK
24. januar 2015
Seier for Fjøra i årets første treningskamp
Fjøra leverte ein god prestasjon då dei slo Florø 2 i lørdagens treningskamp i Sognahallen. 3-0 til pause etter ein bunnsolid førsteomgang var imponerande. Resultatet var ein følgje av aggressivt og samla press, tøffheit i duellane og eit kompakt forsvar dei periodane me vart spelt litt låge. Dessutan sprang me veldig mykje og gav aldri Florøspelarane tid og rom til å skapa noko farlegheiter.
Fjøra sitt første mål kom etter om lag kvarteret då Mats Nondal nydeleg spelte fri Underdal som runda keeper og sette ballen i tomt mål. Om lag ti minutt seinare var det Hjeltnes som runda keeper og auka til 2-0 før same mann på overtid i første omgang hamra inn eit langskot sjølv Steffen «ruter» Olsen ville vore stolt av. Hjeltnes fortset dermed i same spor som han avslutta fjorårssesongen og noterte seg for to nye scoringar
Utover i kampen vart me litt tunge i beina som følgje av at me ikkje klarte å holda nok i ballen og heller ikkje styra avklaringane våre til ein medspelar. Når me vann ballen bar det rett i angrep stort sett heile tida, og ned igjen når me like etter mista den. Slik blir det litt tungt å spela i lengden og det bar spesielt siste halvtimen preg av då Florø 2 styrte det meste og også netta to ganger
Alt i alt ein god gjennomføring av Fjøra, og mykje positivt å ta med seg vidare i oppkøyringa. Erik Fossnes og Erik Loftesnes fekk sin første kamp i Fjøradrakt og begge viste stor vilje og løpskapasitet frå kvar sin backposisjon. I tillegg har SIL 2-spelar Elias Saltnes vore med å trent med Fjøra denne veka og også han spelte solid og bidrog til at Fjøra heldt nullen den omgangen han spelte
Fjøra mangla Sindre Sanden (bortreist), Kees Erstad (sjuk), Ole Morten Kvam (sjuk), Ole Martin Bolset (skada), Steffen Olsen (skada), Knut Ola Høvik (skada) og Tommy Øren (skada) men alle desse er venta tilbake i løpet av 1-2 veker.
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 24.01 kl 13:00
Arena: Sognahallen
Turnering: Treningskamp
Dommar: Yngve Håkonsen
Fjøra – Florø 2 3-2 (3-0)
1-0 15 min Arild Underdal (Mats Nondal)
2-0 25 min Anders Hjeltnes
3-0 45 min Anders Hjeltnes (Mats Nondal)
3-1 73 min ukjent
3-2 78 min ukjent
Gult kort: Per Eirik Lunde
Fjøra (4-2-3-1):
Espen Staff (Andreas Horvei fra 46.)- Erik Fossnes, Per Eirik Lunde, Elias Saltnes (Magnus Hunemo fra 46.), Erik Loftesnes- Håvard Lilletvedt (Karlis Bremers fra 50.), Knut Ripe- Karlis Bremers (Ørjan Vikum fra 46.), Arild Underdal (Victor Aguiar fra 30.), Mats Nondal – Anders Hjeltnes (Torbjørn Ylvisåker fra 83.)