Fjøra - Jølster 3-1
Forfatter: Fjøra FK
30. juli 2013
Fjøra åpna haustsesongen med ein grei 3-1 seier over Jølster
Fjøra vann relativt greit 3-1 over Jølster i regnet på Fosshaugane Campus i kveld. Jølster tok leiinga 1-0 ved Trond Vegard Ripe etter ein miss i Fjøraforsvaret men Fjøra kvitterte berre minuttet seinare ved Arild Underdal. Forøvrig etter flott forarbeid ved Kenneth Nondal. Ikkje lenge etterpå sendte Johan Salveson nyervervelsen Anders Hjeltnes åleine gjennom og Hjeltnes netta sikkert åleine med keeper. Fjøra heldt på 2-1 leiinga til pause i ein litt rufsete omgang der ein slapp Jølster til veldig mange hjørnespark, dog utan at dei var altfor farlege.
I andre omgang har Fjøraforsvaret stort sett grei kontroll på jølstringane og etter 78 minutt viser innbytar Jan Tore Slinde seg fram etter kun 20 sekund på bana. Fjøra sin andre nykomar dreg av ein mann og bankar ballen kontant i mål fra rundt 15-16 meter. Flott prestasjon og ei typisk Slinde scoring som me håpar å sjå fleire av.
Sjølv om det lugga litt var det ein ok prestasjon av Fjøra i dag som til slutt vann 3-1. Ein må ha i bakhovudet at dette var første kampen på lang tid og spelet vil nok bedra seg framover. Litt mykje nesten på siste tredjedelen samt ein del slurvefeil som må lukast vekk. Kjekt å sjå at alle tre spissane våre finn vegen til mål, deriblant dei to nye, Jan Tore og Anders.
Til slutt vil me takka Jølster for at dei var med på å gjera markeringa av Ola Egge Ødegaard sin bortgang til ei fin oppleving. I tillegg til eit minutts stillhet før kampen og at Fjøra spelte med svarte sørgebind la Jølsterspelarane ned kvar si rose i midtsirkelen.
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Tysdag 30.07.13 kl 19.00
Arena: Fosshaugane Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Per Oddvar Lien
Tilskodarar: ca 50
Fjøra – Jølster 3-1 (2-1)
0-1 10 min Trond Vegard Ripe
1-1 11 min Arild Underdal (Kenneth Nondal)
2-1 20 min Anders Hjeltnes (Johan Salveson)
3-1 78 min Jan Tore Slinde (Anders Hjeltnes)
Gult kort: Kenneth Nondal, Eilert Holme
Fjøra (4-3-3):
Håvard Bøyum- Eilert Holme (Jan Tore Slinde frå 77.), Ole Marius Solberg (Per Eirik Lunde frå 65.), Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug (Daniel Fylling frå 53.)– Olve Øvstetun, Øystein Wilkensen – Johan Salveson, Arild Underdal (Vegard Nes frå 70.), Kenneth Nondal – Anders Hjeltnes
Jølster(4-4-2):
Grzegorz Filipek – Daniel Klakegg, Jon Atle Heggheim, Jon Arild Halland, Geir Andre Erikstad – Kåre Åmot, Bård Sandnes, Knut Øystein Ripe, Trond Vegard Ripe – Arild Øygard, Stian Urheim