[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - SIL 3 3-0

Forfatter: Fjøra FK

23. august 2014

Fotball
News article image

Fjøra slo tilbake og vant med same siffer som i vårkampen

Akkurat som i vår slo Fjøra brutalt tilbake mot SIL 3 etter ein pinleg forestilling mot Tambarskjelvar i kampen før og vant 3-0. Evigunge Underdal dages mann med to scoringar, ein av dei på eit utsøkt frispark frå 20-25 meter.

Første omgang var prega av lite sjansar og begge lag hadde trøbbel på siste tredjedelen, kreativiteten uteblei og det vart mange ballmiss i avgjerande situasjonar rundt motstandaren sin sekstenmeter. I duellspelet var Fjøra klart best og etter kvart spelte me oss fram til nokre halvfarlege sjansar. Midt i omgangen måtte Kees ta telling etter ein alboge men etter eit par minutt på sidelinja og med bandasje rundt hovudet kom hardhausen innpå igjen i reinaste Terry Butcher stil.

23 minutt var spelt då Håvard nydeleg spelte fri Hjeltnes som netta for femtande gang i år og jaktar no Savland sine 17 mål på toppen av toppscorarlista. Omgangen elles prega av mykje duellar der Fjøra viste at det var menn mot gutar og vann dei fleste. Kampens einaste gule var det Per Eirik som fekk like før pause då han sparka bort ballen, unødvendig av Per`n som for lengst har lagt seg i tet i kampen om årets kortsamlar :) Rett nok prøver Ole Morten så godt han kan og melda seg på i den kampen med sitt raude sist.

Knappast muleg leiing til pause men alt etter fem minutt i andre omgang viser Underdal unggutane på SIL 3 korleis ein skal skyta frispark. Frå 22-23 meter skrur han ballen vakkert over muren og ned i hjørnet, ikkje veldig hardt men godt nok plassert til at keeper ikkje får avverga og dermed 2-0. Nok ein assist på Lilletvedt som vart felt i forkant og han er no kun ein bak Fylling sine åtte. Fylling derfor sånn passe irritert over at han ikkje vart henta heim frå Bergen til dagens kamp. Halvvegs ut i omgangen har Fjøra nokre enorme sjansar til å auke leiinga, blant anna ein trippelsjanse der Arild bommar nesten på blank kasse.

Like før slutt utnyttar Underdal ein glipp i Sogndalforsvaret og nettar sikkert sitt åttande mål for sesongen åleine med keeper. Jølstringen er no oppe i 172 mål på sine 240 Fjørakampar og nærmar seg veldig Fjøra sin mestscorande spelar, Einar Kvam. Einar noterte seg for 177 mål på sine 275 kampar og sjølv om han nok vil påstå at ingen har fleire gode kampar og flotte scoringar enn han sjølv, er han i år passert av Ylvisåker i tal kampar og snart altså også passert av Underdal i tal mål. I iveren etter å ta rekorden lova også Arild at han skulle spela ein sesong til om han ikkje klarte ta rekorden no i haust, uansett eit målsnitt til å vera stolt av.

Solid kamp av Fjøra der Sogndal 3 aldri slepp til dei store sjansane. Etter ein litt rufsete kamp sist var Espen Staff tilbake som tryggheiten sjølv i Fjøraburet og også forsvaret heva seg mange hakk frå å sleppa inn fire mål sist. Olve Øvstetun spelte sin siste kamp for Fjøra i dag då han i morgon reiser på folkehøgskule i Oslotraktene. Me takkar Olve for bidraget i Fjøra og ønsker han lykke til vidare med fotballen og velkomen attende i klubben ved ein seinare anledning. Også Daniel Fylling er flytta frå bygda for å studere i Bergen men han vil mulegens komma attende på enkelte kampar i haust dersom behovet melder seg. I tillegg til desse to er Mathias Nese henta av Sogndal 2 og dermed er tre gode lokale spelarar vekke frå klubben. Ikkje lett å finna erstattarar for desse tre men me håpar det vil dukka opp nokre sogningar utover hausten/vinteren som kan bidra på bana for Fjøra i 2015.

Bonus:

3 – Arild Underdal

2 – Ole Martin Bolseth

1 – Olve Øvstetun

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 22.08 kl 19:30

Arena: Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Vebjørn Haugland

Fjøra – SIL 3  3-0 (1-0)

1-0   23 min Anders Hjeltnes (Håvard Lilletvedt)

2-0   50 min Arild Underdal (Håvard Lilletvedt)

3-0   88 min Arild Underdal

Gult kort: Per Eirik «Keano» Lunde

Fjøra (4-2-3-1):

Espen Staff- Sindre Sanden (Jørgen Christian Lindstrøm fra 77.), Per Eirik Lunde, Ole Martin Bolseth (Magnus Hunemo fra 84.), Knut Ripe- Olve Øvstetun, Kees Erstad (Karlis Bremers fra 46.)- Anders Hjeltnes, Steffen Olsen (Torbjørn Ylvisåker fra 58.), Håvard Lilletvedt- Arild Underdal