[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Tre nye spelarar klare for Fjøra

Forfatter: Fjøra FK

11. januar 2015

Fotball
News article image

Fjøra og Håvard Hatle med tre nye namn i stallen

Fjøra sin nye trenar, Håvard Hatle, jobbar saman med sportsleg apparat no med Fjørastallen 2015 og hovudsakleg vert det jobba med å henta unge og engasjerte sogndøler. Det er derfor svært gledeleg å melda at Hatle allereie har fått ja frå tre lokale spelarar.

Dei tre første spelarane som kjem til Fjøra i 2015 er Erik Fossnes, Erik Loftesnes og Tommy Øren. Både Fossnes og Loftesnes kjem frå SIL 3 og er unge, løpssterke og offensive backtypar. Begge skal spela ferdig vinterserien for junior med Sogndal før dei formelt vert klare for Fjøra.

I tillegg til desse to vil Tommy Øren vera med så mykje han føler han har tid til. Kor mykje dette vert er framleis usikkert men uansett vil Tommy vera ein fin tilvekst i eit allereie godt Fjøramiljø. Også ringrevane Underdal, Ylvisåker og Ole Morten Kvam har signalisert at dei går på ein ny sesong i den raude drakta og Fjøra vil dermed ha ein fin miks av både unge og litt meir erfarne lokale spelarar samt eit fint innslag av engasjerte studentar.

Fram mot sommaren vil det forsvinne 4-5 spelarar som er ferdig med studiar i Sogndal og det vil nok derfor utover våren komma inn fleire nye. Første treningskampen til Fjøra er laurdag 24.januar i storhallen mot Florø 2.

Foto: Stig Høynes