Fyllings Hörna
Forfatter: Fjøra FK
12. mai 2013
Ventetida er over, her kjem børsen fra Sandanekampen
Børs Fjøra FK - Sandane (1-2), 10.05.2013
Litt sein børs, beklagar til alle ventande! Seigt tap og seig børs.
XI:
Håvard Bøyum – 5
Lite og gjere med måla, tek seg greit av det vetle som kjem ellers. God distribusjon.
Jørn «Ben Watson» Kvalvik – 6
Tykkjer Jørn var tilbake i tidleg vinterslag i dag. Gode raid, derav eit som hadde fortjent ei bedre skjebne enn ei Kvalvikavslutning. Botnsolid defensivt.
Olem Solberg – 7
Tydleg besatt av å slå Fylling i scoringsveddemålet og stjal rett og slett ei scoring fra Per’en. Ufint og minus i boki. Sett vekk frå dette gjer Olem ein kjempekamp defensivt og tek fullstendig lurven av Ruben Wie.
P.E.L – 6/7
Får nesten spissane til Sandane på gråten med sin kompromisslause spelestil. Takla alt som bevega seg bakover. Forbetringspotensial med ballen i beina.
Ola Egge Ødegård – 5/6
Litt uvant posisjon for vossafåren, men løyser det greit. Nokre posisjoneringsfeil, men mykje bra med ball, spesielt i 1.omg. Viser at han kan vere eit alternativ på backen.
Øystein Wilkensen – 5
Som vanleg veldig god defensivt, men saknar litt fleire framoverretta pasningar og sting i spelet offensivt. Solid.
Olve Øvstetun – 5
Gode dødballar og god innsats så lenge beina held. Blir, som makker Håvard, sliten utover i 2.omg. Grei med ball i beina, men kan gjerne sleppe ballen tidligare i nokre situasjonar.
Håvard Lilletvedt – 5
Mange gode kombinasjonar i 1.omgang, men blir frykteleg sliten utover i kampen. Kan bli litt flinkare å orientere seg i trange situasjonar.
Kenneth Nondal – 5/6
Gjorde mykje bra i dag Kenneth, men det blir for lite sluttprodukt. Dette er ikkje berre Kenneth sin feil, men er ein kombinasjon av dårlege avleveringar/avslutningar.
Ørjan Hjellhaug – 5
Er heilt i fyr å flamme i 1omgang og bidreg med mange gode iniatitiv. Bra med innlegg og avslutningar. Fell heilt ut av kampen i 2.omgang. diverre.
Arild Underdal – 4/5
Ok innsats i første, då han kombinerer godt med indreløpar/kant, men verkar heilt ferdig etter 45 minutt. Rotar vekk ballen fleire gongar og brenn ein kjempesjanse på stillingen 1-0.Utypisk Arild.
Innbyttarar:
Daniel Fylling (70. min .) – 5/6
Gjer ein grei jobb når han kjem inn. Roleg med ball og viser musklar i duellspelet.
Mats Nondal (78. min.) – 5
Verkar litt ukonsentrert og gjer nokre enkle feil. Spelar seg litt opp, men fekk kanskje litt for lite tid å vise seg fram på
Pauseunderhaldning:
Kanskje den beste heppeøkta publikum har vore vitne til på Campus i 2013. Tastisk leikenheit og innsats av samtlege. Tobbe var flink fotograf! Dei involverte var: Stian «Stuen» Solberg, Daniel Fylling og Mats Nondal som alle får karakteren: 7!