Fjøra møter Kaupanger 16.mai kl 19.00
Forfatter: Fjøra FK
14. mai 2014
Serierunde 5 er like rundt hjørnet
Det nærmar seg den femte serierunden i den lokale fjerdedivisjonen og det er denne gangen duka for ekstra mange lokaloppgjer sidan det er snakk om 16.mai runden. Fjøra tek i mot Kaupanger og me håpar ekstra mange, både sogndøler og kaupingar, tek seg ein tur på Campus for å få med seg denne godbiten fredag kl 19:00.
Begge lag har starta sesongen sånn på det jamne, Fjøra med 6 poeng på fire kampar og Kaupanger med 5 poeng. Fjøra har sigra mot Vik og SIL3 medan dei tapte klart mot både Florø 2 og Tambarskjelvar. Kaupanger på si side starta godt med seier borte mot Høyang, deretter har det vorte uavgjort mot Sandane og Dale og tap heime for Skavøypollen.
Kaupanger har i år teke opp ein del unge spelarar frå eigen stall i tillegg til at Hjellhaugbrørne er tilbake i moderklubben etter nokre år i Fjøra. Dei har dermed eit mykje meir lokalt preg enn tidlegare krydra med nokre gode studentar i blant anna Jarle Ims og Mads Doksæter.
Fjøra på si side har merka at tilgangen på spelarar med lokal tilhøyrighet går litt i bølgedalar og med kun seniorlag består stammen i dagens Fjøralag vel så mykje av ivrige studentar som av sogningar.
Som alltid når Fjøra møter Kaupanger vert det nok ein svært tett og tøff kamp mellom to lag som neppe har lyst å tapa dagen før 17.mai toget. Fjøra har nokre småskadar på Knut Ripe, Ole Martin Bolset, Kenneth Nondal, Steffen Olsen og Victor Aguiar og det er tvilsomt om desse vert klare til fredagens kamp. Elles er troppen intakt og laget vil derfor ikkje vera veldig ulikt dei som spelte mot SIL 3.
Me snakkast på Fosshaugane Campus fredag kl 19:00!