Fjøra - Høyang 2-1
Forfatter: Fjøra FK
08. mai 2015
Seier på ein dårleg dag for Fjøra
Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no
Fjøra tok sin tredje seier for sesongen og er fortsatt utan tap etter fire spelte kampar. Det var ingen god fotballkamp på Campus og Høyang jobba hardt kampen igjennom og kunne med litt hell fått med seg eit poeng.
Fjøra scora først, då Rørvik gjorde eit flott forarbeid på høgrekanten og slo inn til Hjeltnes som heada inn 1-0 etter 22 minutt. Om lag ti minutt seinare utlikna Høyang fortjent etter ein corner og uavgjort stod seg til pause. I andre omgang sette Fjøra inn Arild Underdal og han avgjorde kampen då han etter 69 minutt scora på nok eit flott innlegg frå Sindre Rørvik.
Lat det vera sagt med ein gang, Fjøra må heva seg mange hakk om det i det heile tatt skal bli poeng mot Kaupanger på Skogen 15.mai. Men så er det ofte slik med Fjøra, det svingar frå bra tredjedivisjonsnivå i den eine kampen til dårleg fjerdedivisjonsnivå i den neste. Utfordringa er å klare å prestere bra på eit høgt nivå i nitti minutt og i kamp etter kamp. Me er sikker på at Fjøra hevar seg spelemessig fram mot neste kamp og poengmessig er det iallfall ingenting å klage over så langt. Å vinna på ein relativt dårleg dag er ein særs god eigenskap og Fjøra toppar no tabellen med ti poeng framfor Førde 2 og Tornado, riktignok med ein kamp meir spelt.
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 08.05 kl 18:45
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Andreas Sandal
Fjøra – Høyang 2-1 (1-1)
1-0 22 min Anders Hjeltnes (Sindre Rørvik)
1-1 30 min Sander Olsen
2-1 69 min Arild Underdal (Sindre Rørvik)
Gult kort: Ingen
Fjøra (4-4-2):
Espen Staff
--------------------
Erik Fossnes
Per Eirik Lunde (Torbjørn Ylvisåker fra 60.)
Elias Saltnes
Knut Ripe
--------------------
Håvard Lilletvedt (Arild Underdal fra 67.)
Ole Morten Kvam
Steffen Olsen
Mats Nondal (Erik Loftesnes fra 67.)
--------------------
Anders Hjeltnes (Victor Aguiar fra 89.)
Sindre Rørvik