Prematch: Kaupanger IL - Fjøra FK
Forfatter: Jan Fuglesteg
16. mars 2012
Kampane kjem tett som hagl for Fjøra i mars månad. Denne fredagen tek Fjøra turen ei kort mil austover for å møta Kaupanger i treningskamp.
Fjøra spelte kamp mot Årdal FK måndagskvelden, ein kamp som enda med 2-1 tap for Fjøra. Fjøra fekk det ikkje heilt til å stemma i den kampen, spesielt ikkje i 2. omgang. No skal me også leggja til at motstanden var god og at det at Fjøra ikkje fekk det heilt til også kan tilskrivast kavliteten på motstandarlaget. Desse tinga heng ofte litt saman. Likevel, Fjøra ynskjer nok å framstå betre enn det som vart prestert mot årdølene.
Me har fått følgjande statusrapport frå Kjell Ertesvåg:
" Fjøra spelar fredag mot KIL på Kaupanger kunstgras. Laget er inne i ein tøff periode, med mykje kampar, og treningar med bra intensitet. Så her får me dermed testa den fysiske formen så vel som det fotballtaktiske og tekniske. Kampar og treningar siste tida syner at ting er i ferd med å setje seg. I den deffansive delen har me framstått som stabile og trygge. Offansivt har me meir å gå på, det svingar litt for mykje frå det meget gode, til det svake. Så her er målet å verte meir stabilt gode.
Eit anna moment ein månad før seriestart er at spelarane kjenner på konkurransen om å vere i startellvaren, så kvar einskild må bidra.
Men, uansett - kvar kamp har sitt liv, og ein kamp mot nabo Kaupanger betyr nok noko ekstra. Me gler oss! "
Dagens tropp mot Kaupanger er:
Bjarte Hovland, Håvard K. Bøyum, Jørn Kvalvik, Ola Egge Ødegaard, Kenneth Nondal, Ørjan Hjellhaug, Roger Hjellhaug, Magnus Hunemo, Torbjørn Ylvisåker, Noah Kellerhals, Ole Marius A. Solberg, Daniel Fylling, Marius M. Aaberge, Ole Morten Kvam, Sebastian Eriksen og Espen Granlund
Motstandar i dag er rival og divisjonskollega Kaupanger IL. Alltid litt ekstra å møta grøntrøyene frå nabobygda då det er litt ekstra prestisje når desse laga møter kvarandre. Det gjeld både i trenings-, cup- og seriekampar og me tykkjer at slik skal det også vera. Kaupanger har spelt fleire treningskampar, med varierande resultat. Sist helg vart det eit klart 4-0 tap mot divisjonskollega Jølster, noko som ikkje var spesielt bra skal me tru KIL si heimeside. Men dei grønkledde har også fleire solide kampar bak seg, me tek med 3-1 siger over Årdal FK inne i Øvre som det beste. KIL har møtt god motstand i sine treningskampar og har i tillegg til dei 2 nevnte laga møtt Førde (tap 0-6), Voss (tap 3-5) og Sogndal II (tap 2-7). Heimelget sin før-kamp presentasjon finn du på deira heimeside.
Me tippar at dette vert ein jamn kamp, men då må alle mann vera maksimalt budde til kamp. Me kjem ikkje til å følgja denne kampen live her på fjora.no og oppfordrar både sogndøler og kaupingar til å ta turen til Kvednhushaugen for å sjå dette lokaloppgjeret. Kampstart kl 18:00.
Dagens
Visste du at Kaupanger hadde bystatus omkring år 1000, og på den tida var ein av dei 16 byane som vert nemnt i Noreg?