[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fyllings hörna

Forfatter: Jan Fuglesteg

06. februar 2013

Fotball
News article image

Fyllings hörna, eller rettare sagt Fyllings børshörna, må for all del ikkje samanliknast med klassiske Hylands hörna. Eller jazzhjørna for den del.

Jepp, her er det snakk om spelarbørs saman med kommentarar med glimt i auga. Me har det første børshjøna klart. Frå Bjørnkampen som var på laurdag.

XI:

Håvard Bøyum - 7
Kan lite gjera med måla, men vinka kjekt til publikum ved fleire høve. Blitt veldig flink til det fotball handlar om; nemleg behandle kula.

Kristian Nornes - 5
Kjem så ofte på overlapp at Bjørn måtte bytta back ved to høve, men var allikevel sint som eit lemen kampen igjøno. Hovedpersonen sjølv meiner dette var på seg sjølv, men Bjørnspelarane følte seg fleire gonger truffet av skjellsorda. Likar godt å drible innover sjølv med mange i feltet så kan godt prøve innlegg oftare, men det er kjekkare å drible.

Stian Solberg - 6
Sjelden oppdtreden som midtstoppar som Stian kjem greit ifra. Verkar av og til litt overraska over at han er siste mann. Gode pasningar framover.

Jørn Kvalvik - 7
Meinar sjølv han er ein treig spelar sjølv om han reddar laget med sin fart ved fleire høve i 1 omg. Kjem innpå som sentral midtbane (wtf Jensemann?!) i 2 omg. og puttar sitt 2. mål på 2 kampar, noko som er verdensrekord i mål for guten fra Askøy.

Roger Hjellhaug - 6
Ikkje like ofte på overlapp som sin backmakker Kristian, men meir glad i å "svingan inn". Får ein meget god assist som følge av dette. Følte seg urettferdig behandla og oversett av dommar Mardal kampen igjennom, men er rutinert nok til å ikkje la dette gå utover prestasjonane.

Knut Ola Haavik - 7
Er utruleg kjedleg å spele mot då han spring meir enn nokon. Er i tillegg meget flink til å dirigere spelet og styre tempo. Litt for ivrig framover nokon gonger. Trekk for å klage på bevegelsen til kjøleskapet Fylling. =)

Olve Theodor Andre Von Drei Øvestetun - 7
God kamp av ungfolen. Slurvar litt i starten av kampen, men spelar seg stort opp og er flink til å halde kula i gang. Trur jammen han vant ein hoveduell å!

Kenneth Nondal - 4
Sjølvutnevnt konge av Åberge og bussjåfør Nondal er veldig god når han er på. Idag var han av og sånn passe umotivert. Undertegna forventar kanskje litt mykje av guten, men det burde blitt holdt både karusell, sirkus og sigøynershow ute på venstrekanten med ein spelar av Kenneth's kaliber.

Daniel Fylling - 6
Fekk endeleg prøva seg lenger opp i bana, og følte nok derfor presset av å levera målpoeng. Litt av i periodar, men får plusspoeng og mozartkule for to mål og ein assist.

Eilert Brox Holme - 6
Unge lovande Holme var litt usynleg fram til Benteke gav Villa ledelsen, men var veldig involvert ein periode etter det. Åpna skoringskontoen for Fjøra, men trur samtlege oppmøtte takkar seg for at susaren sneik seg utanfor krysset. "Hadde danna gaott inn hadde eg gaott ao banao" fekk ein høyra like etter skotfrosøket.

Mats Nondal - 6
Fekk den lite takknemlege jobben med å spele spiss foran stasjonære Fylling, men puttar på eit veldig fint hovestøt. Har mange fine løp og med ein mindre evneveik spisspartnar kunne det fort blitt fleire mål på "Prinsen av Åberge". =)

Innbyttarar:

Ørjan Hjellhaug - 6
Kom inn for Mats til pause og leverer 2 fine assist. Spring og strekker mykje, men følte seg og litt oversett av Mardalen. Ein kan spørre seg om det ligg ein agenda bak. =)

Tobbe og Ole Morten - 4 (på kvar, jour. merk.)
Fjøras svar på Scholes og Giggs kom inn for stopparparet Solberg/Kvalvik og heva gj.snittsalderen med ca. 124 år. Hadde nok starta vorspielet litt tidleg å såg noko sjanglete ut i starten der dei bytta på å vise svake sider. =) Begge kom seg etter at den verste innbyttarpulsen hadde lagt seg dog.