[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Storsiger i siste før ferien

Forfatter: Jan Fuglesteg

27. juni 2012

Fotball
News article image

Fjøra vann stort over Balestrand i vårsesongens siste kamp. Heile 9 ballar måtte BIL-keeper Kjell Rune Sværen plukke ut or eige nett. Alltid godt å vinna siste kamp før ferien og Fjøra tek no pause med 2. plass på tabellen.

Me har fått følgjande kommentar frå Kjell Ertesvåg frå kveldens kamp:

" Ein bra kamp idag, der me i periodar spelte Balestrand fullstendig ut. Når me fekk høgt balltempo og presisjon var me fleire hakk betre enn eit overraskande tamt Balestrand-lag. Var viktig for oss å tak i kampen umiddelbart, det klarte me og det gikk ikkje mange minuttane før sjansane og utteljingane kom. På stillinga 4-1 var kampen punktert, og det stoppa på 9 mål, noko som er det meste me har skåra i ein einskild kamp så langt i år.

Å vinne siste kamp før ferien er godt, då vert ferien så mykje betre
".

No vert det fri til 20. juli. Då startar treningane att. Sundag 22. juli møter me Voss til treningskamp, medan neste seriekamp er 31. juli, borte mot Lærdal.



KAMPFAKTA

Fjøra FK - Balestrand IL 9-1 (3-0)

Mål:

1-0, Johan Vorgaard, 13 min
2-0, Magnus Hunemo, 21 min
3-0, Magnus Hunemo, 31 min
3-1, Per Aki Kvikne, 55 min
4-1, Magnus Hunemo, 59 min
5-1, Kenneth Nondal, 61 min
6-1, Kenneth Nondal, 72 min
7-1, Espen Granlund, 82 min
8-1, Jens-Ivar Nilsen, 89 min
9-1, Stian Anhanger Solberg, 91 min

Gult kort:
Ingen.

Domartrio:
Per Oddvar Lien, IL Høyang. Assistentar: Per Olav Erikstad, Jølster IL og Irmelin Hope Skjerven, Kaupanger IL.

Tilskodarar:
Ca 40 stk

Fjøra (4-4-1-1): Håvard Krisiansen Bøyum - Ola Egge Ødegaard, Vegard Fardal Nes (Jens-Ivar Nilsen frå 46. min), Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug - Kenneth Nondal, Espen Granlund, Ole Morten Kvam, Eivind Gjerald (Stian Anhanger Solberg frå 72. min) - Johan Vorgaard (Arild Lunde Underdal frå 65. min) - Magnus Hunemo

Balestrand (4-4-2): Kjell Rune Sværen - Birk Isane, Roy Kenneth Rendedal, Daniel Nordeide, Adrian Wolff Nesse - Asgrim Farnes, Johannes Nilsson (Knut Arild Ohma frå 56. min), Eirik Thue (Øyvind Neset frå 76. min), Per Aki Kvikne (Dag Espen Johnstad frå 83. min) - Kristjan Ingi Erlingsson Nesse og Ole Petter Haugstvedt