[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fyllings Hörna Fjøra-Førde 2

Forfatter: Fjøra FK

05. oktober 2013

Fotball
News article image

Årets siste børs er levert. Me takkar Fyllings Hörna for innsatsen, terningkast 6!

Børs Fjøra FK – Førde 2 (4-0), 04.10.2013    

Sesongens siste børs er eit faktum. Vil benytte anledningen til å beklage nivået på forrige rundes børs, men den stod i stil med innsatsen.

XI:

Bjarte Hovland – 6/7

Divisjonens mest eksentriske keeper kunne avslutta sesongen med smultringstatus på Facebook og humøret på topp. Tok seg av det meste som kom før han på sedvanleg Bjarte-vis lagde straffe då han boksa ned Vie (med enkel V ja.).

Håvard Lilletvedt – 6/7

Fekk 10 minutt som sentral midtbane midtvegs i 2. omgang og plutseleg var luftens baron tilbake. Stupheada (datt?) elegant inn 4-0 og prikken over I’en. Elles lite og utsette på innsatsen til høgrebacken i dag. Litt mykje is i magen ved eit par høve kanskje? Følte eg måtte sei noke negativt.

Torbjørn Ylvisåker – 7

I dag var det enkelt og sjå at Tobbe hadde ete grauten sin denne veka. Tok tak frå start og såg plutseleg 10 år yngre ut! Har på tampen av sesongen funne ut at ein ikkje på død og liv må ta med seg ballen framover kvar gang. Eg veit ikkje om det er skremmande eller positivt?

P.E.L (Matarazzi) – 7

Etter ein sjeldan svak PEL-kamp mot Bale var Per’en tilbake slik vi kjenner han. Kuveltaren frå Systrond la breitt i både øst og vest, bake og framme.  Såg faktisk ut som om Førde-spiss Vie (fortsatt med enkel V) var på gråten halvegs i 2. omgang! Sjæf!

Roger «Winterburn» Hjellhaug – 7

Eldstebror Hjellhaug avslutta sesongen på best mogleg måte. God bakover der han plasserer seg bra og gir alt i duellane. Aktiv framover og roleg med ball. Årets beste kamp av kaupsingen.!

Olve «Gattuso» Øvstetun – 7 (Fjøra’s Beste)

Såg ut som nokon hadde parra ein bulldog med ein shitzu med rabies («We named it BULLSHIT!» Glascola til den som gjettar kva film det er frå!!) i dag. Innsatsen defensivt stod til 20 i stil. Takla, sprang og kjempa, ja kort sagt the lot of it. Krempasning på 1-0 som ikkje akkurat trekk ned!

Knut Høvik – 6/7

Ikkje spesielt god venn med lufta i hallen og sleit med pusten etter kvart som 1. omgang skreid fram.  Stod allikevel kampen ut, meget beundringsverdig! 1 mål og 1 assist på halv maskin «De e grett de!» som Knut ville sagt.

Kenneth «Stilken» Nondal - 7

Etter eit par veker vekke var Kenneth endeleg tilbake! Herja i store deler av kampen frå sin venstrekant posisjon og mangla egentleg berre effektivitet idag. Med gryande form blir det spennande og sjå kva Kenneth kan levere på morgondagens Fjøra-fest!  Sigar anyone?

Anders Hjeltnes – 6

Kanskje litt streng med Anders i dag, men meina bestemt at med litt meir marginar og dyktigheit kunne han fort stått med ein del målpoeng i dag. Skorar sikkert på straffe og har god arbeidsradius. Stor pluss for å ha måka ballen til utspark når Olem kunne ha avslutta i 2 omgang.

Daniel Fylling –  6/7

Fekk tidleg problem med lyskane, men stod bra på så lenge han klarte. God og roleg med ballen og bidreg mykje til at me beheld ballen i laget itrange situasjonar. Flink til å ta vekk press og å skrive børs! Me takkar Daniel og Fyllings horna for sporty og artig bidrag sesongen 2013!

Ørjan Hjellhaug – 6

Mangla målet men jobba som ein galeislave i samtlige 90 minutt som einsam spiss.  Plagsom og spele mot for Førde forsvararane. Tydleg i betre form enn dei foregåande vekene.

Innbyttarar:

Olem «Dunne» Solberg – 5/6

Inn for å prøve og vinne skoringsveddemålet mot Fylling, men var heldigvis ikkje i nærheiten eingang (som vanleg)!

Eilert Brox Holme – 5/6

Etter å ha slege 3 av 3 baller ut til kast bestemte Eilert seg for at nok var nok og sendte avgårde eit innlegg i retning av det alltid ledige krysset. Ballen gjekk stolpe ut, men Håvard satte inn assisten. Krona altså årets siste kamp med årets første assist.

Arild Underdal – 5

Får seg nokre minutt på tampen og spelte faktisk med delvis strekk! Gjer ting enkelt og greitt som hengande spiss.

 

5 høgdepunkt:

  1. Eilert sitt innlegg med flakk som gjekk i krysstanga og ut. Like greitt at den ikkje gjekk inn!
  2. Bjarte sin 70 meters pasning, perfekt vekta til Nondal i 2. omgang.
  3. Når Arild ba Kenneth ikkje springe så fort fordi han kom på overlapp!
  4. Olve og Daniel sin doble hæl tiki-taka i 1. omgang. Trur pinadeg da var dobbel tunnell og!
  5. Bjarte sitt rop då Førde brende straffesparket. Glad i smoltringar og smoltringstatusar på facebook!