[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Kjempenes Liga 2022

Forfatter: Fjøra FK

18. september 2022

Fotball
News article image

Er du klar for Kjempenes Liga nummer 20 i historien?

Me arrangerer Kjempenes Liga i Sognahallen for 20. gang den 11-12.november 2022. Påmeldinga er no åpna og du kan melda på ditt lag ved å senda epost til Malin Kristoffersen på [email protected] der du oppgir lagnavn, navn på kontaktperson, epost og telefonnummer, samt herre eller dameklasse. De skal få bekrefting på at laget er påmeldt ved epost i retur og siste frist for påmelding er 2.november kl 21!

For tilreisande lag som ønsker å spela innleiande kampar laurdag prøver me så langt det er muleg å legge til rette for det, dette MÅ oppgis ved påmelding! Me har i utgangspunktet plass til 24 herrelag og 8 damelag men vil nok utvide dersom ny full gruppe slik som tidlegare.

Ver obs på at det i denne turneringa er begrensingar på antall aktive. Ein vert rekna som aktiv/lisens dersom ein i kalenderåret har starta seriekamp i 3.div eller høgare for herrer og 2.div eller høgare for damer. I tillegg vert ein rekna som aktiv/lisens viss ein har starta MEIR ENN 1 kamp i 4.div herrer. Frå det året ein fyller 35 år er ein uansett ikkje å rekna som aktiv/lisens. Maks 2 aktive/lisens i kvar tropp og maks 1 aktiv/lisens på bana om gangen.

Påmeldingsavgift 2000 kr må betalast seinast onsdag før turnering til konto 3705.14.67834 (merk betaling med lagnamn). Det vil vera kiosk med godt utval midt på langsida på tribuna

Velkommen til turnering og ikkje minst ein sosial kveld på "byn" i Sogndal etterpå. Det vert som vanleg Kjempenes Liga - fest på Soho laurdag kveld :)

Sjå også turneringsreglementet og set dykk godt inn i dette. Me gjekk over frå innkast til innspark i 2021 og ellers viktig å merke seg at sklitakling forbudt