[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Kaupanger 3-1

Forfatter: Fjøra FK

16. mai 2014

Fotball
News article image

God laginnsats snudde 0-1 til 3-1 og Fjøra kan gå med heva hovud i 17.mai toget i morgon.

Fjøra tok ein veldig fortjent seier i 16.mai-oppgjeret mot Kaupanger men det var Kaupanger som kom best i gang. Det var tydeleg at ingen av laga ville tapa denne kampen og begge lag starta kampen utan å ta noko som helst sjansar i frykt for overgangar i mot. Kaupanger var hakket kvassare enn Fjøra i duellspelet og hadde fleire farlege dødballar. Eirik Menes heada først ein ball i tverrliggaren før han like etter stussa eit frispark frå Jarle Ims i lengste hjørnet og 1-0 leiing til bortelaget.

Spelet heldt fram som dette til nærmare halvtimen var spelt og Fjøra klarte aldri å produsera dei store sjansane i første halvdel av omgangen. Publikum sat med ein følelse av at dette ville Kaupanger ro i land, men Fjøraspelarane ville det etter kvart annleis. Gradvis tok me over initiativet i kampen og me vann fleire og fleire 1. og 2. ballar. Samstundes fekk me ballen ned på bakken og hadde fleire gode spelvendingar og farlege innlegg.

Utlikninga kom etter 36 minutt ved Kees Erstad og ikkje tilfeldig at det var akkurat Kees som var der ballen etterkvart datt ned i boksen. Hjeltnes slo eit innlegg som Underdal aldri fekk avslutta skikkeleg på men Kaupanger fekk ikkje avklart skikkeleg. Kees jakta som alltid andreballar over heile bana og klinkar ballen nede i hjørnet for Nygård i Kaupangermålet. Kun tre minutt seinare får Håvard eit ferdigscora innlegg frå Daniel og Fjøra har snudd kampen. Som om ikkje det var nok, kunne Sindre også lagt på til 3-1 etter nydeleg forarbeid av Arild men Sindre hadde eit par kilo for mykje i ryggsekken og ballen gjekk over mål.

Fjøra heva seg betrakteleg siste halvdel av omgangen og gjekk til pause med ei fortjent eittmålsleiing. Ein god Daniel Fylling måtte i pausen erstattast av Ole Morten Kvam og med Ole Morten på bana hardna det også til i duellane i andre omgang. Kaupanger sette inn Ørjan Hjellhaug og la om til 4-3-3 men klarte aldri og etablere det store trykket mot Fjøraboksen. Det vart ein del nesten men så lenge Fjøra kun leia med eitt mål var det lite som skulle til før utlikninga var eit faktum.

Likevel var det Fjøra som produserte sjanse på sjanse i den andre omgangen og både Sindre, Håvard, Arild, Anders og Jens (!?!) hadde feite sjansar til å punktere kampen. Men spenninga heldt seg heilt inn for først fem minutt på overtid klarte Underdal og sette Fjøra sitt tredje mål og dermed enda det 3-1 til heimelaget.

Det ser verkeleg ut som Fjøragutta har skjønt alvoret etter det pinlege tapet mot Tambar og det er fleire og fleire som no melder seg på. Når innsats og duellkraft ligg i botn klarer me etter kvart også å spele meir langs bakken og i periodar i dag spelar me ut Kaupanger med flotte kombinasjonar. Så gjenstår det å sjå om desse periodane kan forlengast til å vare i samtlege 90 minutt. Kjekt var det også at me ikkje vart feige utover i andre omgang og let Kaupanger trykke oss bakpå. Mathias  på venstrebacken for eksempel var siste kvarteret vel så mykje på Kaupanger sin halvdel som på vår eigen!

Dagens: Mot slutten av kampen når ein kauping kjem i full fart og skal takla Håvard Lilletvedt. Håvard hoppar unna og tek tidenes tunnel, vakkert!

Bonus:

3 – Anders Hjeltnes

2 – Knut Ola Høvik

1 – Alle dei andre. Vel fortjent!

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 16.05 kl 19:00

Arena: Campus Fosshaugane

Turnering: Seriekamp

Dommar: Rune Haugland

Fjøra - Kaupanger 3-1 (2-1)

0-1   10 min Eirik Menes (Jarle Ims)

1-1   36 min Kees Erstad

2-1   39 min Håvard Lilletvedt (Daniel Fylling)

3-1   90 min Arild Underdal (Anders Hjeltnes)

Gult kort: Torbjørn Ylvisåker, Håvard Lilletvedt, Ole Morten Kvam

Fjøra (4-3-3):

Espen Staff- Sindre Sanden (Jens Ivar Nilsen fra 87.), Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker, Mathias Nese - Knut Ola Høvik (K), Daniel Fylling (Ole Morten Kvam fra 46.), Kees Erstad (Karlis Bremers fra 83.) - Anders Hjeltnes, Arild Underdal, Håvard Lilletvedt

Kaupanger (4-4-2):

Martin Nygård- Lars Haslestad, Marius Bøthun, Kristoffer Dalaker, Henrik Førde- Kristian Hauståker (Kennet Dvergedal fra 71.), Jarle Ims, Mads Doksæter, Eirik Menes (Ørjan Hjellhaug fra 56.)- Ole Einar Rebni (K), Sindre Røyrvik