Underdal med ny scoringsrekord i Fjøra
Forfatter: Fjøra FK
14. august 2015
SIL 3 - Fjøra 0-9 og Underdal mestscorande i Fjøra med 179 mål
Foto: Stig Høynes
Endeleg kan me gratulera Arild Underdal som mestscorande i Fjøra FK, etter at han med sine fire mål i kveld gjekk forbi Einar Kvam med to mål. Arild er no oppe i 179 serie og cupmål på 256 obligatoriske kampar, medan Einar Kvam stoppa på 177 mål på 275 kampar. Allerede i debuten sin mot Florø 17.04.2002 (6-1 seier i cupen) fekk han si første nettkjenning og sidan har det gått slag i slag. Arild passerte også 250 kampar tidlegare i år og kan dermed uansett korleis han og Fjøra skulle avslutte sesongen iallfall gleda seg til eit par utmerkingar på årets Fjørafest. Me gratulerer Arild med bragden og håpar han ikkje gir seg no før han når ein ny milepæl, 200 mål!
Underdal kom inn på laget då Wigum meldte forfall med sjukdom, og jølstringen takka altså for tilliten med fire pinnar og ny målrekord i Fjøra. Fjøra sleit litt i starten av kampen mot eit purungt og kompakt Sogndallag, og sjølv om me sjeldan var trua bakover var det langt mellom dei store sjansane første halvdelen av omgangen. Men etter at Underdal putta sine første to etter 23 og 30 minutt gjekk litt av piffen ut av det unge Sogndalmannskapet og spesielt Flo og Kristoffersen viste utoveri kampen at dei er gode forsterkningar for Fjøra i haust. Flo scora sitt andre hattrick på to kampar mens Kristoffersen sin slepne venstrefot var nest sist på heile fire av måla. I tillegg til Arild sine fire mål og Mathias sine tre noterte Elias Saltnes og Kees Erstad seg for kvar sitt mål og sluttresultatet vart dermed heile 9-0 til Fjøra.
Ein solid start på haustsesongen for Fjøra med to braksigrar, og sjølv om motstanden ikkje har vore den beste viser det at Fjøra har brukt sommarferien godt. Tornado og Høyang ventar no i dei to neste kampane, to tøffe og viktige oppgjer for Fjøra i kampen om avdelingsseieren. Me håpar flest muleg tek turen om nøyaktig ei veke til toppkamp mot Tornado på Campus!
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 14.08 kl 19:00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Vegard Yndestad
SIL 3 – Fjøra 0-9 (0-3)
0-1 23 min Arild Underdal (Elias Saltnes)
0-2 30 min Arild Underdal (Eirik Kristoffersen)
0-3 41 min Mathias Flo (Eirik Kristoffersen)
0-4 49 min Mathias Flo (Eirik Kristoffersen)
0-5 55 min Kees Erstad
0-6 67 min Arild Underdal (Kees Erstad)
0-7 81 min Elias Saltnes (Arild Underdal)
0-8 85 min Mathias Flo (Eirik Kristoffersen)
0-9 86 min Arild Underdal (Håvard Stedje)
Gult kort: Ingen
Fjøra (4-4-2):
Andreas Horvei
--------------------
Erik Fossnes (Ole Martin Bolset fra 68.)
Ole Morten Kvam (Knut Ripe fra 68.)
Elias Saltnes
Eirik Kristoffersen
--------------------
Erik Loftesnes
Kees Erstad (Håvard Stedje fra 68.)
Steffen Olsen (Daniel Fylling frå 46.)
Mats Nondal (Trond Vegard Ripe frå 68.)
--------------------
Mathias Flo
Arild Underdal