Fjøradommar i finalen i Norway Cup
Forfatter: Fjøra FK
03. august 2013
Asbjørn Kjetil Grinde Håre, som dømmer for Fjøra FK, er plukka ut som hovuddommar i finalen klasse A
Etter at 420 dommarar fra 19 ulike nasjonar har vore i aksjon under årets Norway cup, er det sogningen Asbjørn Kjetil Grinde Håre som får det ærefulle oppdrag og dømma den største finalen av dei alle, nemleg finalen i klasse A junior. Grinde Håre er utflytt sogndøl og bur for tida i Florø, men har dei siste åra dømt for Fjøra Fotballklubb. Me i Fjøra er stolt over det Grinde Håre har prestert på Ekebergsletta og dette er ei stor fjør i hatten til den sympatiske dommaren frå Leite. Kampen vert vist på TV2 kl 1015 søndag, og me ønskjer Grinde Håre lykke til som hovuddommar og gratulerer han samstundes med innsatsen hittil.