[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fyllings Hörna Fjøra-Balestrand

Forfatter: Fjøra FK

21. juni 2013

Fotball
News article image

Børs Fjøra-Balestrand

Børs Fjøra FK - Balestrand (6-1), 21.06.2013         

Denna børsen burde egentleg berre ha handla om målet til Jørn Kvalvik, men la gå….

XI:

Håvard Bøyum – 5/6

Regna nesten bokstaveleg talt vekk i løpet av kampen, men svelga vekk vatn og stod kampen ut. Bra Håvard! Kunne ingenting gjera med målet og hadde ellers veldig lite og gjera på.

 

Jørn «Dani Alves» Kvalvik – 10! (6/7)

Etter Ola sin briljans på backen dei siste kampane skjønte Jørn at det var på tide å ta opp hansken, og kanskje stod det litt skrevet i stjernene kva som kom til å skje i dagens kamp. Etter å ha vore farleg frampå i slutten av første omgang, utnytta Jørn eit gjennomspel på beste måte i 2.omgang. Etter eit støttetouch var det bang(!) i krysset med ballen. Jørn sin andre skoring for Fjøra og på seniornivå, men for ein måte å takke av på!

 

Torbjørn Ylvisåker – 6/7

Tobbe er litt som ein gammal dieselmotor som brukar litt tid på å komme skikkeleg i gang, men etter 25 min. var det ikkje tvil om kvem som var sjef bak i forsvaret. Roleg med ball (kanskje litt vel roleg?) og flink til å ta av press. Voldsomt gira på å slå den «avgjerande» pasningen i dag!

 

P.E.L – 6/7

Ikkje heilt den same gnisten av Per’en i 1. omgang i dag, men står allikevel fram og stangar inn utligningen. Viktig. Får sklitakla mange gonger i løpet av 2. omgangen og då storkosa Per’en seg. Trur faktisk han stoppa opp ein gang, slik at han kunne få sklitakla mann og ball utanfor linja!

 

Kristian Nornes – 7 (Fjøra’s Beste)

Vetleguten Kristian har tilpassa seg venstrebacken på ein framifrå måte og var stort sett solid i dag. Som mot Jølster vart Kristian forbanna på ein balestrending som prøvde og øydelegge skoen hans, høyrt slikt…Ein del viktige brudd i dag og roleg med ball. To assist lar óg høyre fra seg. FLOTT Kristian, i måro kan du ta deg ei kalde ei!

Øystein Wilkensen – 6/7

Eg føler det går mykje i den samme tralten etter kampane til Wilko, men det er nok fordi han alltid leverer solide prestasjonar. Som vanleg god defensivt og syner fram den flottaste tupp- gjennombrotspasningen på lang, lang tid på Campus.

Olve Øvstetun – 6/7

Stod for dagens kaldaste avslutning då han kopierte Shinji Kagawa sin avslutning mot Norwich i år. Fra 16-meter trilla han ballen sakte, men sikkert i hjørna. Me like! Som vanleg lite og utsette på innsatsen.

Knut Høvik – 6

Litt mykje nesten for Knut i dag, men lagar eit meget pent mål med den «gale» foten. Prøvd som venstrekant i 1. omgang, men kom meir til sin rett som indreløpar i 2. omgang. Kan bli flinkare til å sleppe ballen i visse situasjonar.

 

Magnus Hunemo – 4/5 

God innsats i duellspelet som indreløpar i første, men litt uvøren med ball. Har definitivt meir inne og for dei som har sett Magnus på trening veit at han i dag berre viste glimt av det han er kapabel til. Magnus sjøl seier dette var langt under pari og set karakteren sin ned eit hakk, lovar å skjerpe seg til neste gang

 

Ørjan Hjellhaug – 5/6

Nok ein nesten kamp fra Ørjan som verkar å komme i bedre og bedre form reint løpsmessig. Gir alltid 100% noko som er godt og sjå. Kjem berre til og bli bedre.

 

Daniel Fylling – 6/7

Med unntak av det godt tima løpet på 2-1 stod Daniel nesten heile den første omgangen i offside, men slik går det når du har studert Underdal sine spissbevegelsar. Enda ein Fjøraspiss som må læra seg offsideregelen. Heva seg masse i andre omgang og får seg eit mål til i tillegg til to fine asssist. Spelemessig ein del å gå på men som spiss plusspoeng for å vere involvert i fire mål.

Innbytarar:

Kenneth Nondal (66.min) – 5

Tilbake etter ei veke i Tyrkia og det var tydeleg at det ikkje var altfor mykje fotballsparking som har blitt prioritert der nede. Kenneth, som herja i den siste kampen før han reiste, såg noko forsiktig ut i dag, men burde hatt ein assist om visse folk kunne lært seg og avslutta med venstrefoten.

Ole Morten Kvam (66. min.) – 5/6

Står for kampens prestasjon då han iskaldt fra 16-meter løfter ballen rutinert ein 10-12 meter over Balestrand sitt mål. Upressa. Sett vekk fra dette såg det ikkje ut til at ringreven hadde gløymt gamle kunster etter ei veke på Rhodos.

Vegard Fardal Nes (72. min.) – 5/6

Får ca. 20 min for ein Per-Eirik som slit med kneet og framstår solid. Bryt fint og vinn det meste i lufta.

Pauseunderhaldning:

Nok ein gang altfor mykje nedbør til at folk orkar og røyse seg fra innbyttarbenkane!

Ein liten kuriositet til slutt:

Olem Solberg er for tiden skada og har i den anledning reist på ferie med sin gode venn Marouane Fellaini. Redaksjonen i fjora.no vil nytte anledningen til å avkrefte ryktene om ein overgang, det er berre to gode venner med masse hår som er på golfferie i sydlegare strok :)