Fjørabloggen 2015
Forfatter: Fjøra FK
07. november 2015
Årets siste Fjørablogg
Mens vi sit og finreknar på kampoppsettet til Kjempenes Liga har vi fått tilsendt årets siste Fjørablogg, der Kees vurderer innsatsen til Fjøraspelarane på ein humoristisk måte. Vi takkar Kees for eit flott bidrag i årets sesong og håpar folk har kost seg med hans skråblikk på Fjøragjengen:
Opprykket er sikra og fotballfesten står for tur. Det er på tide med ei oppsummering og den alltid like saklege og objektive Fjørabloggen set karakter på strandsitjarane sine prestasjonar gjennom sesongen. Der vi manglar statistisk grunnlag og vital informasjon har vi måtte finne på dette sjølv. Alt må difor lesast med ei solid klype salt, ein shot tequila og ein bit lime. Velbekomme.
Espen Staff – den joviale austlendingen og fjorårets fyrstemålmann spelte sesongens 5 første kampar. Brutalt vraka etter 10 mål i mot. Fokuset vart deretter retta mot politihøgskulen, slapp ikkje inn på grunn av mental ustabilitet, noko som elles er rekna som positivt for ein målmann. Sist sett under opptak av Politiskolen 7 som den nye Mahoney. Heimebaksten han tok med på trening er djupt sakna. Likskap med: Espen Johnsen. Karakter 5/10.
Andreas Horvei – er tydeleg oppvaksen i tunnelkommunen Aurland og har drege med seg sin forkjærleik for tunnelar inn i spelargruppa og i firkant-oppvarming. Dog er det alltid han sjølv det vert dratt tunnelar på. Kapra målmannposisjonen frå Staff ut vårsesongen, leverte 6 smultringar på rad før han vart svimmel i alle rundkøyringane på veg inn i Førde og slapp forbi 5 mål i siste kamp før sommarferien. Knallhard kamp om keeperplassen i andre halvdel av sesongen, men bidrog med ytterlegare to smultringar i to av tre haustkampar. Like god med beina som: Sergio Romero. Karakter: 7/10.
Håvar Mjelleli – starta sesongen med smultring for Sogndal i cup-kamp mot Ham-Kam. Vart deretter så høg på seg sjølv at Sogndal ikkje makta å innfri lønskravet hans. Meldte difor overgang til Fjøra i sommar. Nortura dekkjer lønsutgiftene som ekstern sponsor. Leverte solid over 8 kampar i haustsesongen, best hugsa for å nesten krangle på seg raudt kort i «toppkampen» mot Tornado, på stillinga 3-0 til Fjøra. Ventar framleis på at boyband-karriera skal ta av. Like utilrekneleg som: Jens Lehman. Karakter 7/10.
Geir Stenehjem – den 4. (!) målmannen Fjøra har nytta i årets sesong. Ikkje fordi vi må, men fordi vi kan. Lokka tilbake med varm saft frå Lerum, frå den kalde innbytarbenken i Florø. Debuterte med eit solid 5-minutts innhopp mot Sandane, då Mjelleli hadde pådrege seg frostskadar grunna inaktivitet. Stod deretter ein praktkamp mot Førde2. Dersom han ikkje er på Fjøra-trening er han mest sannsynleg på idrettssenteret og fleksar med manualar foran spegelen. Løftar som: Tim Wiese. Karakter 6/10.
Brede Haukereid – oi, der heldt eg på å gløyme den 5. målmannen som har fått speletid denne sesongen. Brede er faktisk den einaste spelaren som i statistikken står registrert med 0 treningsoppmøte og likevel speletid. Brede lev etter mottoa “carpe diem” og “hakuna matata” og stiller alltid opp på kort varsel der det er trong for han. Difor vart han då også belønna med 5 solide minutt borte mot Sandane. Brede har alltid vore ein naturens mann og hovudinteressa har difor endra seg frå å stoppe skot, til sjølv å å skyte både på hjort og småvilt. Meir glad i jakt enn: Ole Jørgen Halvorsen. Karakter: 5/10.
Torbjørn «Tobbe» Ylvisåker – var tydeleg våryr og starta sesongen sprekt med 9 av 11 kampar i vårsesongen. Fullførte i alt ei halv intervalløkt i oppkøyringa og fekk betale dyrt for dette då overskotet tok slutt i løpet av sommarferien. Vart ståande med 9 kampar denne sesongen. Nytta hausten til å vere dommar på Fjøratrening og gjorde slik strandsitjarane godt førebudd på håreisande dommaravgjersler også i kamp. Fekk både briller og fløyte i gåve frå Olsen, utan at det gjorde det noko betre. Like audmjuk som: Svein Erik Edvartsen. Karakter: 6/10.
Olve Øvstetun – frisørsonen som vel å snauklyppe håret med maskin, oh the irony! Flytta brått til Oslo i fjorårssesongen. Rykta på (Gravensteins)gata skal ha det til at det var for å vidareutvikle seg som go-go dansar i eit (sitat): «meir imøtekommande miljø». Kom tilbake til saftbygda på forsommaren for å finne tilbake til den indre roa og gleda. Synte fine takter og engasjement på trening og vart løna med 3 kampar før utferdstrongen meldte seg att. Sist sett dansande samba på Copacabana. Dansar som: Asamoah Gyan. Karakter: 5/10.
Per Eirik Lunde – er i prinsippet ein funksjonell bulldosar som må ha tydeleg instruksjon og programmering for best resultat. Fekk til dømes beskjed om at han måtte score på dødball, i forkant av Florø-kampen. På første dødball ofra han liv, lemmar og eit par Florø-spelarar, og sette ballen kontant i mål. Per Eirik har liten svingradius og går som oftast rett fram uansett hindring, han leverast difor i børsta stål med titanforsterking i kantane. Med ny oppdatering av software pådreg han seg no berre 3 gule kort i løpet av ein sesong. Likskap med: Mamadou Sakho (det svir nok for Everton-supportaren). Karakter: 9/10.
Eirik Kristoffersen – guten med ansiktsutrykket som er teke rett ut av ein Ivo Caprino-film. Det har også vore teikneserienivå over talet målpoeng som unge Kristoffersen har bidrege med i haustsesongen. Evna til å servere medspelarane på gullfat gjer til at Fjøra ikkje berre møter konkurranse frå Sogndal om hans tenester neste år, men også restaurantsjef og tidlegare Fjøra-spelar Victor Aguiar har lagt eit fett tilbod på bordet for å inkludere han i sitt serveringspersonale på eksklusive La Pergola. Likskap med: ein blond Leighton Banes. Karakter: 9/10.
Sindre Sanden – Fjøra sin globetrotter som denne sesongen har vore meir oppteken med å reise rundt å sjå fotball, enn å sjølv spele kampar. Har også vore ekstremt skadeutsett og rekk knapt å komme opp i lett jogg før noko streikar i beina. Spelar likevel alltid fotball med eit smil, noko som sikkert har samanheng med eit farleg høgt forbruk av reseptbelagde smertestillande. Er personleg sponsa av Apotek1. Same skadefrekvens som: Rafael. Karakter: 5/10.
Ole Marius Solberg – eit medisinsk mirakel som har returnert frå status som lyskeskadd fotballinvalid. Dukka plutseleg opp på trening i sommar og fall rett inn i gamle rutinar med å pælme laus på mål og slå langpasningar, utan oppvarming. Ole Marius trivst med å utfordre fotballgudane og så langt har han teke siste stikk ved å spele heile 39 min fordelt over 3 kampar, utan å verte skada på ny. Same DNA som: Ledley King. Karakter: 5/10.
Erik Loftesnes – har best treningsoppmøte med 100 av 110 treningar denne sesongen, og har berre meldt fråvær dei kveldane då treningstidspunktet krasja med Jakta på kjærleiken. Har allereie sett seg mål om 100 %-treningsoppmøte neste sesong og ønskjer seg difor TV 2 Sumo-abbonement til jul. Slik får han sett alle episodar i reprise. Starta sesongen som back men enda opp som kantspelar med 4 mål og 3 målgjevande til sitt namn. Leverte likevel endå betre som haustansvarleg for Fjøra sin Instagram-konto. Like god på sosiale medium som: Mads Hansen. Karakter: 8/10.
Elias Saltnes – kanskje årets mest lojale spelar med omsyn til treningsoppmøte kontra speletid. Har aldri spelt seg ut av laget, men har likevel hamna på benken ved fleire høve grunna knallhard konkurranse i forsvaret. Elias er ein roleg og gjennomtenkt kar med Aristoteles og Rene Descartes som sine førebileter. Elias sin plass i garderoben er merka med hans favorittsitat: «Å kjenne seg sjølv, er byrjinga på all visdom». Like filosofisk som: Eric Cantona. Karakter: 7/10.
Knut Øystein Ripe – granittblokka frå Jølster har saman med Per Eirik vore grunnsteinane i Fjøra sin forsvarsmur, også berre omtalt som fortet. Her har Knut Øystein vore øvstkommanderande. Knut Øystein sin fysikk er faktisk så dominerande at mange lurar på om han eigentleg er ein albino frå Ghana. Ein indikasjon er mellomnamnet hans som få kjenner til, men Knut Øystein Zuberi Jelani Ripe betyr faktisk direkte oversett Knut Øystein Kraftig og Full av styrke Ripe. Knut Øystein si imponerande songrøyst har også gjort han til forsongar for Fjøra sine kamprop etter siger (og dei har det vorte ein del av). Eigentleg bror til: John Mensah. Karakter: 9/10.
Erik «Luka» Fossnes – kan du aldri snu ryggen til, då vert du slått tunnel på. Horvei har fleire gongar vakna sveittevåt og skrikande midt på natta av di han har hatt mareritt om «Luka». Erik har tidlegare i sesongen uttalt at det viktigaste i livet er å slå tunnel på trening, framfor både fred i verda og opprykk for Fjøra. Erik er kanskje ikkje den første eg hadde valt til å beskytte kongefamilien, men no er han likevel teken inn i Garden. Så dersom du ser japanske turistar føre slottet som vert slått tunnel på, så veit du kven du har med å gjere. Slår tunnelar som: Dani Alves (på Cristiano Ronaldo). Karakter: 8/10.
Ole Martin Bolseth – har verkeleg trua på storbonden sitt prosjekt i Fjøra. Fullstendig overtydd om at klubben skal halde fram med å jakte opprykk til både 2. divisjon og Obos-ligaen har Bolseth sett både utdanning og jobb på vent for å kunne dedisere seg fullt og heilt til fotballen. Noko må han førebels leve av uansett, og som barnehageonkel på deltid er det heller ikkje få åleinemødrer som har invitert sjarmøren heim på middag. Heimelaga mat (med dessert) har tydelegvis også bidrege til å ende skademarerittet til Ole Martin som har hatt stålkontroll på høgrebacken sesongen gjennom. Finare skjegg enn: Andrea Pirlo. Karakter: 8/10.
Håvard «Legenda» Lilletvedt – mannen utan ekstremferdigheiter eller svakheiter, berre god på alt. Sette definisjonen for potet, men likte seg best når han fekk spele i offensive posisjonar. Vart av og til nytta som back, mot sin vilje, men spelte då med mottoet: «Ingen biffmiddag utan potet». Kva no det skulle bety… At Håvard og Staff kom eins ærend tilbake til Sogndal i september for å feire opprykket med Fjøra seier alt om kva personlegdommar vi har mista og saknar i spelargruppa. Grunnleggjar av Fjøra sin Instagram-konto. Like fleksibel og jovial som: Freddy dos Santos. Karakter: 6/10.
Kees Erstad – var storbonden sitt hemmelege våpen i vårsesongen. Vart strategisk lånt ut til Dale og sikra Dale (nesten) eigenhendig 2 sigrar og 1 uavgjort mot høvesvis Tornado, Førde2 og Sogndal3. Dette leia til at Fjøra leia tabellen ved sommarpausen. Kom attende til Fjøra i haustsesongen og bidrog med den svært avgjerande 5-0 scoringa i 9-0 sigeren mot Sogndal 3. Elles hugsa for å kome så seint inn i ei takling på ein Førde2-spelar at han faktisk sprang rundt i 2 minutt etter at kampen var over for å komme ajour (skjønte du den?). Like sympatisk på fotballbana som: Vinnie Jones. Karakter: 7/10.
Tommy Øren – annonserte sitt comeback tidleg i januar og trena deretter knallhardt og målbevisst gjennom heile oppkøyringa. Neida, eg berre tullar. Comebacket kom i 16. mai-kampen borte mot Kaupanger og vart dekkja over heile midtsida i Sogn Avis. Øren uttalte då at han kunne samanliknast med eit tankskip som så vidt var i gong. Diverre verka det som at tankskipet køyrde seg fast i Amlabukti for etter det såg vi ikkje noko meir til Tommy. Men like fullt, aldri eit opprykk i Sogndal utan Tommy Øren! Like suksessfullt comeback som: Martin Andresen/Erik Mykland. Karakter: 5/10.
Jens Ivar Nilsen – er oftast observert sittande utanfor Meny-kafèen saman med dei andre pensjonistane, der dei sit og pratar om at alt var betre før. Men det einaste som faktisk var betre før, det er Jens Ivar. Av og til kjem Jens Ivar luntande på trening med blankpolerte sko og kvite hanskar, for å syne dei yngre strandsitjarane kor mykje positivt ein kan gjere med ballen, streng tatt utan å bevege seg. Denne sesongen vart det 3 kampar på Jens Ivar, og han var dei einaste spelaren som greidde å prate på seg gult kort. Hyggjeleg kar. Like gretten som: Paul Scholes. Karakter: 5/10.
Daniel Fylling – er ein kulthelt som Fjøra-fansen aldri kan få nok av. Så snart dei fekk nyss i at Fylling skulka førelesningane og var attende i Sogndal vart det eit folkekrav at Fylling skulle gjere comeback. Fylling gjekk med på dette under føresetnad om at han slapp å springe intervalla og at triksing og firkant vart godkjent som tilstrekkeleg oppvarming før speleøktene. Fylling gjorde eit beskjedent comeback med innhopp mot Vik der han nøgde seg med ei scoring og å ta kapteinsbindet. Fekk i alt 4 kampar før saknet etter dama vart for stort og han returnerte til Bergen. Spelar midtstoppar som: Dimitar Berbatov. Karakter: 5/10.
Håvard Stedje – er årets ulukkesfugl. Henta på lån frå Sogndal 2 i sommar og starta haustsesongen med eit brak då han sprang over, under og rundt langt meir rutinerte motspelarar mot Årdal og Tornado. Beklagelegvis knakk han deretter foten på trening og mista slik resten av sesongen. Det såg likevel ikkje ut som om det var så synd i han då han i neste heimekamp satt godt plassert i ein sofa saman med 3 jenter. Vi satsar på at Håvard snart har kosa ferdig og returnerar i Fjøradrakt, no i 3. divisjon. Flørtar som: John Arne Riise. Karakter: 6/10.
Steffen Olsen – kjem ikkje til å ha ei lang fotballkarriere dersom han vert sparka ned av motspelarar med same frekvens som denne sesongen. I årets 4. divisjon er det totalt delt ut 322 gule kort, ca 25 % av desse er gjort etter nedsparking av Olsen. Noko av dette er dog sjølvpåført. I tillegg til å audmjuke motspelarar med luker, kroppsfinter og kjappe vendingar kan Olsen også vere ein jævla irriterande og eglete bergensar som nok kunne irritert på seg Mor Theresa. Olsen er også den som set standarden på alle Fjørafestar og stiller sjeldan på bortekamp utan “klirrebæg”. Like sjølvsikker som: Pål Andre Helland. Karakter: 9/10.
Gøran Wigum – hadde særskild i vårsesongen problem med å takle overgongen i tempo frå Obos-ligaen til 4. divisjon. Oftast var han for raskt oppe i situasjonen og reiv med seg motspelarar som endå ikkje hadde skjønt at dei kom til å få ballen. Slik vart Wigum lett årets raotass for Fjøra. I tillegg til å vere passe arrogant og i overkant god på dette nivået, seier statistikken at Wigum scora 6 mål. Dog har han sjølv erklært at alle mål han scora på frispark har vore keepertabbar, så då er vi nede i 3 mål. Desse 3 vart igjen scora på corner frå Kristoffersen, altså var dei ferdigscora. Så då endte Wigum på 0 mål denne sesongen, noko som er litt under forventingane. Spielführer som: Bastian Schweinsteiger. Karakter: 9/10.
Kristoffer Møvik – var sommarvindauget si storsignering og nyaste medlem av Årøy sin nyvunne Galacticos-politikk. Med fortid i Brann gjekk draktsalet til himmels etter signeringa og klubben tente raskt inn att dei to kassene med pappabrus som vart kravd i signeringsbonus (Møvik nytta Olsen som agent). Gjorde alle strandsitjarane forlegne og rødmande då han høgt og tydeleg stadfesta at han aldri har delteke i ei gruppe med så mange jamgode spelarar. Grunna hyppige skuleturar vart det berre 5 kampar på Møvik i haustsesongen, men han har allereie prova at dei beste hordalendingane spelar i Sogndal. Høgare enn: Mathieu Valbuena. Karakter: 6/10.
Ole Morten Kvam – har den sindige og rolege bestefarsrolla i spelargruppa. Har sett og opplevd alt og har aldri noko meir enn kvilepuls korkje på trening eller i kamp. Faktisk er Ole Morten så roleg at då han gjennomførte den årlege helsesjekken på Nortura vart han sendt med luftambulanse til Førde, fordi den nye, unge bedriftslegen ikkje kunne finne pulsen hans. Han vart utskriven 30 minutt seinare etter at fastlegen hans hadde stadfesta at “det er berre Ole Morten, han skal vere slik”. Rett nok har eg sett Ole Morten småirritert ein gong, det var ved avreise til bortekamp i Måløy, då han oppdaga at snusboksen berre var halvfull og kaffien på termosen var gårsdagens. Har lengre bein enn: Peter Crouch. Karakter: 7/10.
Victor Aguiar – eller berre Judas som vi no kallar han. Den sjarmerande og solbrune portugisaren var del av Fjøra-troppen i 1,5 sesong etter at speidarapparatet til Fjøra kunne melde om eit uvanleg høgt scoringssnitt og gode prestasjonar i Hafslo-trøya. Oppvaksen i same nabolag som ein viss Cristiano Ronaldo kan Victor aldri gjere noko meir med ballen før han har teke minst 6-7 overstegsfinter, så til og med 5 meters støttepasningar vert det show av. Trass i dette klarte Victor aldri heilt å klore seg til ein fast plass i Fjøra og i sommarvindauget reiste han difor vidare til erkerival Kaupanger som er kjent for å dyrke fintspelande og teknisk fotball. Same uforløyste potensial som: Nani. Karakter: 6/10.
Stian Solberg – eller Frank Abagnale jr. som vi helst trur han heiter (ref. Catch Me If You Can). Har visstnok teke pilotutdanning, men vi har aldri sett han føre eit fly. Snart dukkar han vel også opp med legeutdanning og advokatbevis. Det er vel ikkje naudsynt å sei at du ikkje bør låne vekk sjekkheftet ditt til denne luringen. Når “Stian” innimellom bevegar seg utanfor penthousen på Sjøkanten kjem han innom på Fjøra-trening. Jammen har han ikkje lurt seg til 5 innhopp i årets sesong også. Storbonden blir vel mindre nøgd når han ser at det faktisk ikkje er dekning for bestikkelsane han har motteke. Like ærleg som: Jacob Laursen. Karakter: 5/10.
Trond Vegard Ripe – var nok ei sommarsignering som eigentleg ikkje fekk bidrege like mykje som vi håpa og han sjølv ønska. Med 100 %-stilling på Lærdal sjukehus og medisinsk ansvarleg for Sogndal 2 er det ikkje fagkunnskapen, men tida som skortar i behandling av sine eigne skadar. Imponerande nok møter Trond Vegard alltid opp med godt humør og stå-på-vilje, det set vi pris på! Elles vil Trond Vegard audmjukt be om å få gå i fred i Sogndal sentrum utan at framande kjem opp til han og spørr om kvar China House sine nye lokaler ligg. Skal gjere comeback som: Theo Walcott. Karakter: 6/10.
Sindre Rørvik – har ein livssituasjon som få av strandsitjarane endå er i nærleiken av, med mindre det går skikkeleg skeis på one night stands. Som tobarnsfar og med fulltidsjobb kjem Sindre som oftast alltid akkurat tidsnok til trening med babygulp på skjorta og pudder på henda. Nytta vårsesongen til å score 5 av Fjøra sine 6 mål mot Tornado og Førde 2, men pådrog seg ein lei strekk som haldt lynvingen utanfor hovudparten av haustsesongen. Føre neste sesong skal Rørvik nytte pappapermen til å lære ungane å varme Fjordland og gå heim att åleine frå barnehagen, slik at fokuset på nytt kan rettast mot fotballbana. Like fertil som: Raheem Sterling. Karakter: 7/10.
Mats Nondal – har endeleg fått spele ein heil sesong med fotball etter den stygge skaden for meir enn 2 år sidan. Er nok hovudansvarleg for den store kvinneandelen som vitjar Fjøra-kampane og denne motivasjonen er nok også hovudårsaka til at det er på heimebane scoringane har kome. Det er vel få kantspelarar i 4. divisjon som legg ned fleire meter enn Mats, noko som gjer han vanskeleg å spele mot, både med og utan ball. Mats har lenge trivst godt å spele saman med Wigum, og etter at dei vart sambuarar får dei også høve til rolege kveldar der dei drikk kakao og ser på Kakekrigen. Spelar kant som: David Beckham. Karakter: 9/10.
Arild “Arildo” Underdal – er tidenes toppscorar i Fjøra. Det seier alt! Sjeldan har det vel vore jubla meir for eit 6-0 og 9-0 mål på Fosshaugane enn då Arildo sikra seg rekorden, i midten av august. Etter dette gjekk lufta utav Arild som ein 5-dagers bursdagsballong, og det vart berre to fleire opptredenar i løpet av haustsesongen. Arild har lenge ønska seg “en fet bil” og skal no leggje seg i hardtrening for å vinne hovudpremien i neste års Jølster Aurefest. Fjørabloggen ønskjer lukke til og melder samstundes “shotgun”! Er framleis ung i forhold til: Teddy Sheringham. Karakter: 10/10.
Anders Hjeltnes – trass i at 8 mål på 11 kampar er godkjent må den kalde våren og sommaren ta ansvaret for at Hjeltnes ikkje nådde same scoringsfrekvens som i fjor. Sjeldan har vel nokon spelar vore meir ømfintleg for låge tal på gradestokken og det kan spekulerast i at Hjeltnes vart unnfanga på ein ferie i Spania. Slik sett var det vel oppskrift på katastrofe at Hjeltnes i haustsesongen skulle spele for Tertnes, då Bergen ligg rimeleg lågt på statistikken for solpåverka hudkreft. Uansett vil Hjeltnes alltid vere velkomen tilbake til varmen i Fjøra. Like naturleg målscorar som: Daniel Nannskog. Karakter: 8/10.
Mathias Flo – det seier alt om luksusproblema i angrepsrekka til Sogndal når dei kan ta seg råd til å låne vekk ein slik diamant. “The babyfaced assasin” greide ikkje å la vere å score og endte med 20 mål på 11 kampar i haustsesongen. Det er garantert dobbelt så mange som underteikna kjem til å score i heile karriera. Scoringsfrekvensen har gjort til at Arild Underdal no startar alle samtalar med at “Eg er tidenes toppscorar i Fjøra”, for han veit at det ikkje vil vare lenge. Mathias hadde fått toppkarakter, hadde det ikkje vore for den eine treninga han kom på utan voks i håret og sveisen lagt perfekt på plass. Puttar som: Ruud van Nistelrooy. Karakter: 9/10.
Det var det. Jammen har det vore lett og moro å skrive i ein slik suksessesong. Fjørabloggen takkar for sesongen og takkar for seg. God jul!