[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Justeringar i spelarstallen

Forfatter: Jan Fuglesteg

14. august 2012

Fotball
News article image

No ved skulestart er ei tid som ofte inneber justeringar av spelarstallen. Nokon kjem inn medan andre reiser. Slik er det berre.

 
Frå Surnadal på Nordmøre kjem Knut Ola Høvik. Han har meldt overgang til Fjøra og vil etter det me kjenner til vera speleklar til kampen mot Sandane komande fredag. Høvik skal studere i Sogndal. Surnaldal IL spelar i 3. divisjon på Møre og ifølgje Surnadal si nettside så har Høvik denne sesongen vore ein viktig spelar for blåktrøyene som spelar sine heimekampar på erverdige Syltøran stadion. Høvik har spelt 14 kampar for Surnadal denne sesongen, samt at han har putta 3 mål og 2 assist. Han står bokførd med 3 "kjeks".

Me ynskjer Knut Ola velkomen til Fjøra!

Surnadal
Surnadal er forøvrig utruleg lett å køyre forbi dersom du kjem køyrande med bil sørfrå (og for såvidt nordfrå). Tek ein ikkje av i krysset ber det rett til Trondheim :-). Skeisplassen er legendarisk, likeeins Vårsøg og laksefestivalen. Forøvrig kan du lesa Tiger Garte si bok frå 2007, Burnout, dersom du er spesielt interessert i korleis det er å veksa opp i Surnadal. Kjøle te greiå.

Det vert jobba med andre spelarar også, men sidan ikkje alt er i boks enno får me koma attende med meir etterkvart.

Når det gjeld spelarar ut av stallen / indisponible så reiser Johan Elverum Salveson utanlands att og han spelte sin siste Fjørakamp i denne omgang mot Veitastrondi førre fredag.

Stian Anhanger Solberg vert og vekke omlag i ein månads tid grunna eksamanesperiode utanlands. Jørn Skjeldestad er nyoperert i kneet, og ute resten av sesongen. Me vonar at han no skal bli heilt friskmeldt.