Fjøra avslutta med tre poeng mot Herd
Forfatter: Fjøra FK
21. oktober 2017
Sesongen enda med nedrykk men Fjøra kan ta med seg ein god sesongavslutning inn mot 2018-sesongen
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no (arkiv)
Fjøra gjorde nok ein god heimekamp mot tredjeplasserte Herd og fekk revansje for det tunge 7-1 tapet i juli med 1-0 seier i dagens kamp. Kampen var relativt jamn og bar i periodar litt preg av at ingen av laga hadde anna enn æra og spele for. Avgjersla kom etter 79 minutt og var av det flotte slaget. Karsten Bjelde kom på eit djupt løp frå sin midtbaneposisjon og fekk ein krempasning i bakrom. Akkurat idet det ser ut som keeper skal rekka ballen først vippar Bjelde ballen elegant over Herd sin utrusande sisteskanse før han headar ballen i tomt mål. Fjøra heldt greit unna på slutten og tok med det sin sjuande seier for sesongen.
Alt i alt ein godkjendt sesong av Fjøra sitt mannskap og etter litt tilvenningsproblem i starten av sesongen har spelarane vokse med oppgåva og plukka jamnt med poeng. Fjøra sin skjebne var som nemnt avgjort 2-3 rundar før slutt og derfor ekstra kjekt med smoltring og tre poeng i siste kamp. Nokre stygge tap har det vorte men at me har teke tre poeng mot fire av topp seks laga viser at det bur mykje i det unge Fjøralaget. Me har også komme oss gjennom til første runde i cupen for første gang på fleire år, sjølv om me denne gang var sjanselause når Sogndal stod på motsatt banehalvdel.
Ellers i divisjonen var det dramatikk i både topp og bunn. I toppen sleit Brattvåg lenge mot Os, noko som også gjorde til at Os ville beholda plassen. I det 81.minutt scora Brattvåg og rykka dermed opp på bedre målskilnad enn Lysekloster. Men dramatikken var ikkje over der for Os hadde framleis ein fot i divisjonen med to mål bedre målskilnad enn Stord. To seine mål av Stord mot Haugesund 2 (i det 88. og 90. minutt) gjorde at Stord havna på likt poeng og lik målforskjell med Os, men Stord beheldt plassen på meir scora mål enn Os.
Då er det berre og takka for i år, takk til alle sponsorar og støttespelarar, støtteapparat, kioskdamer, billettselgjarar, publikum, motstandarar, dommarar og ikkje minst Sogndal Fotball for bruk av ein flott kamparena med garderobar og møteplass. Liten pust i bakken for Fjøra no før det brakar laust med Kjempenes Liga 10.november. Hugs påmeldingsfristen 31.oktober, ca 20 lag påmeldt hittil men god plass til fleire!
Litt statistikksnacks frå årets sesong under mens adelskalendaren vert oppdatert først i morgon. Heile 36 spelarar har vore på bana for Fjøra i årets sesong, Kenneth Skjerven har spelt mest med 2220 minutt. Han er også den med flest kampar (27) men det er Henrik Navarsete som har flest 90-minuttarar med sine 18, tett fulgt av Skjerven, Mjelleli og Kristoffersen med 17. Mathias Flo har scora flest mål (10 mål, herav 5 i cupen) med Malvin Gjerde hakk i hjel med 9 seriemål. Når det gjeld kortstatistikken var det ingen tvil, 8 gule og eitt raudt til Joar Hoberg fortjenar kanskje litt ekstra cash i botkassen :)
| MÅLKONGEN | RÅTASSEN | GULT | RØDT | ||
| Mathias Flo | 10 | Joar Hoberg | 8 | 1 | |
| Malvin Gjerde | 9 | Stian Njøs | 3 | 1 | |
| Kenneth Skjerven | 6 | Per Eirik Lunde | 1 | 1 | |
| Ørjan Sørflaten | 5 | Eirik Stedje | 0 | 1 | |
| Bakary Traore | 4 | Steffen Olsen | 6 | ||
| Sixten Jensen | 4 | Mathias Flo | 3 | ||
| Karsten Bjelde | 2 | Henrik Navarsete | 3 | ||
| Torbjørn Oddenes | 2 | Gøran Wigum | 3 | ||
| Eirik Stedje | 2 | Joar Tryti | 3 | ||
| Henrik Navarsete | 1 | Mathias Løken | 3 | ||
| Joar Hoberg | 1 | Ørjan Sørflaten | 2 | ||
| Per Eirik Lunde | 1 | Eirik Kristoffersen | 2 | ||
| Arild Underdal | 1 | Bendik Harberg | 2 | ||
| Steffen Olsen | 1 | Svenn Ove Gjøringbø | 2 | ||
| Gøran Wigum | 1 | Bakary Traore | 1 | ||
| Karsten Bjelde | 1 | ||||
| Torbjørn Oddenes | 1 | ||||
| Håvard Stedje | 1 | ||||
| Emil Harloff | 1 | ||||
| Eirik Husabø | 1 | ||||
| Ruben Bøtun | 1 |
| SPELT MEST | MINUTT | KAMPAR | 90MIN |
| Kenneth Skjerven | 2220 | 29 | 17 |
| Eirik Kristoffersen | 2060 | 27 | 17 |
| Henrik Navarsete | 1682 | 19 | 18 |
| Håvar Mjelleli | 1605 | 18 | 17 |
| Joar Hoberg | 1596 | 20 | 15 |
| Mathias Flo | 1393 | 16 | 14 |
| Ørjan Sørflaten | 1350 | 15 | 15 |
| Steffen Olsen | 1299 | 20 | 3 |
| Per Eirik Lunde | 1275 | 17 | 7 |
| Håvard Stedje | 1259 | 20 | 10 |
| Karsten Bjelde | 1255 | 22 | 5 |
| Emil Harloff | 1016 | 13 | 11 |
| Malvin Gjerde | 988 | 12 | 7 |
| Joar Tryti | 981 | 11 | 10 |
| Eirik Husabø | 913 | 11 | 10 |
| Bakary Traore | 887 | 10 | 8 |
| Sixten Jensen | 875 | 10 | 7 |
| Torbjørn Oddenes | 866 | 14 | 9 |
| Stian Njøs | 771 | 19 | 2 |
| Gøran Wigum | 684 | 9 | 6 |
| Erlend Grov | 545 | 8 | 5 |
| Eirik Stedje | 522 | 7 | 3 |
| Bendik Harberg | 509 | 7 | 4 |
| Svenn Ove Gjøringbø | 450 | 8 | 2 |
| Mathias Løken | 387 | 7 | 1 |
| Nicklas Sjølie | 360 | 4 | 4 |
| Espen Outzen | 210 | 9 | 1 |
| Sindre Rydvang | 191 | 5 | 1 |
| Arild Underdal | 169 | 5 | 0 |
| Sindre Thue | 96 | 5 | 0 |
| Morten Knutsen | 90 | 2 | 0 |
| Elias Saltnes | 60 | 2 | 0 |
| Adrian Gjermundstad | 23 | 2 | 0 |
| Anders Lereng | 23 | 1 | 0 |
| Ruben Bøtun | 14 | 3 | 0 |
| Erik Loftesnes | 10 | 1 | 0 |