- Me må vere presise
Forfatter: Jan Fuglesteg
05. oktober 2012
Det er klart for siste kamp for sesongen og motstandar er Balestrand på Kreklingen kunstgras.
Trenar Kjell Ertesvåg har følgjande kommentar til sesongens siste kamp:
" Me møter eit lag som før kampen ikkje er 100 % trygge på 4. divisjonsspel. Dette gjer at me igjen møter eit lag som skal selje seg dyrt, der innsats, vinnarvilje og god organisering står øverst på kampplanen. Me er vortne vande med å møte lag som ligg kompakt på eigen halvdel, og etterkvart har me vortne flinke til å styre desse kampane. Så kampbildet ikveld vert nok at me har ballen, og Balestrand ligg bakpå med von om kontringar. Dette gjer at me må vere presise, og få tempo på ballen, i tillegg til at innstilling, konsentrasjon, løpskraft og innstilling må ligge i botn. Får me til det, ja då skal det svinge av Fjøra på Kreklingen ikveld. "
Troppen er som følgjer:
Bjarte Hovland
Arild Underdal
Torbjørn Ylvisåker
Ole Morten Kvam
Vegard Fardal Nes
Kenneth Nondal
Stian Anhanger Solberg
Per Eirik Lunde
Knut Ola Høvik
Håvard Lilletvedt
Magnus Hunemo
Ørjan Hjellhaug
Ola Ødegaard
Jørn Kvalvik