[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra er med i NM

Forfatter: Jan Fuglesteg

09. mars 2012

Fotball
News article image

Sjølv om Fjøra måtte ned ein divisjon, så får dei delta i årets NM-cup. Frå fylket er 11 lag tilgodesett med cupdeltaking i 2012.

Sogndak kjem inn i 1. ordinære runde, medan dei resterande 10 laga er:

Førde IL, Tornado Måløy FK, Stryn T&IL, Eid IL, Årdal FK, Florø SK, Vik IL og Saga FK frå 3. divisjon samt Kaupanger og Fjøra frå 4. divisjon.

Første kvalifiseringsrunde skal spelast innan 9. april, og så vert det vel 2. kvalikrunde veka etter.

I og med at Fjøra får sjansen til å delta så har dei også sjansen til å kvalifisere seg til første ordinære runde og "trekke" eit storlag.