[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch: Årdal FK - Fjøra FK

Forfatter: Jan Fuglesteg

12. mars 2012

Fotball
News article image

Alle gode ting er tre heiter det. Mykje tyder på at det er tilfelle når Fjøra tek turen inn til Øvre Årdal i tredje forsøk på å få avvikla denne treningskampen. Ny sterk motstand ventar Fjøra.

Det vart ei nyttig gjennomkøyring mot Lærdal på fredag og sjølv om det periodevis ikkje gjekk på skinner så viste Fjøra god moral og ikkje minst vinnarvilje. Dette er heilt avgjerande faktorar om ein skal vinna fotballkampar. Me trur og håpar at Fjøra tek med seg dette til dagens kamp mot Årdal FK.

Fjøra har mange indisponible spelarar til denne kampen, men det gledelege er at dei fleste er klare att i løpet av 1-2 veker. Me tek ein kjapp gjennomgang: Anders Hella (fekk seg ei lårhøne mot Lærdal), Arild Lunde Underdal (legg), Jørn Skjeldestad (rygg), Stian og Ole Morten A. Solberg (knekte fingrar), Daniel Fylling (lyske), Tor Ove Anuglen (kne), Marius M. Aaberge (sesjon), Bjarte Hovland og Kenneth Nondal (jobb) og Kai-Henry Haugen (skule Bergen).

Til tross for mange ute så stiller Fjøra med eit solid mannskap i morgon og det vitnar om at det er stor breidde og kvalitet i årets Fjøratropp. Følgjande mannskap reiser innover:

Håvard K. Bøyum, Ola Egge Ødegaard, Jørn Kvalvik, Torbjørn Ylvisåker, Vegard Fardal Nes, Roger Hjellhaug, Ørjan Hjellhaug, Sebastian T. Eriksen, Ole Morten Kvam, Magnus Hunemo, Jens-Ivar Nilsen, Noah Kellerhals og Espen Granlund

Me har fått følgjande kommentar frå Kjell Ertesvåg:

" Ny kamp, og denne gang mot eit antatt betre lag enn oss. Årdal har prestert godt sålangt i vinter, så dette vert ein utfordring. Me forventar ein anna kamp enn fredag.

Deffansivt har me hatt ein veldig bra stigning, og her får me nye svar. Utfordringa er å vere like lojale og nøyaktige kampen igjennom. Offansivt har me ein del å gå på i forhold til presisjon og besluttsomheit. Her må me no opp nokre hakk. Det gode med å møte antatt betre lag i treningskampar, er at ein vert straffa om ein gjer feil.

Å møte Årdal er alltid moro, så me gledar oss naturleg nok!
"

Nokre ord om Årdal FK si oppkøyring tek me med også. Det har vore store utskiftningar i laget før denne sesongen, der ein del "bautasteinar" har takka av. Då lyt ungdomen ta steget, noko som dei også har gjort. Årdal har spelt fem treningskampar med noko varierande resultat og sansynlegvis prestasjonar. Men stort sett har Årdal levert bra varer mot god motstand. Tap mot Fana (1-3), sigrar mot Bjørn (5-0) og Vik (4-1), tap mot Kaupanger (1-3) og no sist ein sterk siger mot Sogndal II (3-1).

Årdølene vil garantert gi Fjøra sterk motstand. Her er det berre å førebu seg godt.

Dagens
Norsk sau- og geiteavlslag feirer i dag 65-årsjubileum. Me gratulerer! I tillegg er me av den oppfatning at alle som er over gjennomsnittet interessert i fotball bør ta turen for å sjå denne kampen. Kampstart kl 18:30, og me kan ikkje lova noko live-overføring.