Fjørabloggen 2015
Forfatter: Fjøra FK
15. august 2015
Redaksjonen har fått tilsendt haustens første Fjørablogg
Jordbærgras
Då var det på’an igjen etter ein rask sommarpause utan sol og sommar. Strandsitjarane har likevel haldt humøret oppe ved å henge vårens 4. div-tabell på kjøleskåpsdøra, noko som igjen har ført til litt for mange turar til kjøleskåpet, men dette spring vi nok raskt av oss.
Sommarpausen er også jamstilt med Silly Season, men storbonden fekk ikkje feriepengar av Årøy i år, så han har istaden måtte gå bananas på lånemarknaden. Det ser ut til å vere to strategiar som har ligge til grunn for sommarens signeringar:
1. Storbonden er ein stor fan av Drillo-fotball og har difor gjort følgjande signeringar for å kopiere tidenes mest suksessrike landslagssjef (sorry Ingvar): Eirik “Bjørnebye” Kristoffersen skal nytte venstreslegga for å knalle langpasningar over på motsatt kant der Mathias “Flo” Flo kjem til å vinne det som er av hovudduellar mot hjelpelause venstrebackar. Håvard “Leonhardsen” Stedje plukkar alle andreballar overalt på bana medan han nynnar på familiemelodien “Vi vandrar saman”. På venstrekanten står Trond Vegard “Mini” Ripe og snurrar salto, både framlengs og baklengs, i tide og utide.
2. Storbonden reknar seg som ein habil Football Manager-spelar, nesten på nivå med underteikna og Daniel Fylling, og når ein er på eit slikt nivå må ein ofte lage seg nye utfordringar utover det å vinne Champions League ti år i strekk med Dale IL. Dette kan til dømes vere å samle eit lag med berre venstrebeinte spelarar, berre spelarar over 190 cm, eller berre spelarar under 20 år. Storbonden har bestemt seg for å danne ei forsvarsrekke berre med spelarar som startar førenamnet med E. Difor vil det bakarste ledd denne hausten bestå av Erik – Erik – Elias – Eirik. Per Eirik er innbyttar under tvil, men han har fått beskjed om at dersom han skiftar namn til Eirik Per, vil han igjen vere aktuell for å starte kampar. Knut Ripe og Tobbe er flytta ned på reservelaget. Elles er Håvard x2 henta enkelt og greit fordi storbonden synast det er eit slikt fint namn.
PS! Fjøra har også inkludert nok ein bergensar, Kristoffer Møvik, årsaken til dette er at også klubben er pålagt av regjeringa til å ta imot og integrere utanlandske asylsøkjarar.
Som kjent har Sogndal Fotball endeleg investert i nytt kunstgrasdekke på Fosshaugane Campus, vår kjære heimebane. Fritt etter Aune Sand vil eg her omtale korleis mi første oppleving av det nye dekket var:
«Der låg det, det etterlengta dekket, mi leikegrind. Så innbydande og uskuldig som berre den absolutt reine jomfrudom kan garantere for. Vi hadde blikkontakt, det bydde på seg sjølv, freista som ein varm julidag med smelta iskrem som renn frå haka og drypp i små forsiktige dråpa ned på låret. Fotballskoa mine var på, utstyret var klart, eg trødde forsiktig ut på graset. Det gav svakt etter under dei stive knottane mine, som om det klynka lågt og nøgd når eg la vekta mi på. Vi fann kjemien med det same, som når ei bie landar på blomen og blomen i all si prakt framhevar sine mest fruktbare delar. I denne augneblinken er det berre bia og blomen, verda utanfor eksisterer ikkje, det einaste målet, den absolutte tilfredsstillinga, er dette klimakset. Ei røff takling (sikkert frå Per’n eller Ripe) sender meg på trynet. Graset er vått, nyvatna, eg kjenner dei fuktige stive stråa kitle i munnviken. Granulatet prikkar forsiktig på tunga. Eg kjenner eg kunne ha ligge her lenge. Eg tenker dette må vere heilskapen i livet. Det er vår private stund, mellom meg og det nye dekket. Utomverda sig sakte inn, i bakgrunnen høyrer eg ei velkjend røyst, det er storbonden: «… kom deg til h….. opp igjen, elles får du springe intervalla i staden».»
Etter å ha fullført til saman 4 treningskampar og seriekampar mot Årdal, Voss, Tambarskjelvar og Sogndal3 er strandsitjarane no klare til å ta fatt på haustsesongen for fullt. Allereie kommande fredag er det toppkamp mot velståande fiskarar frå Måløy. For å sitere legenda og myten Håvard Lilletvedt: “Kjør då Fjøra!”.