[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Kaupanger - Fjøra 0-1

Forfatter: Fjøra FK

15. mai 2015

Fotball
News article image

Fjøra var best i lokaloppgjeret og tok tre fortjente poeng

Fjøra vann 1-0 i lokaloppgjeret mot Kaupanger og kan dermed gå med heva hovud i 17.mai toget på søndag. Målet kom etter 24 minutt då Gøran fann Arild i bakrom, og Arild netta med det sitt mål nummer 175 i Fjøradrakta. To mål til no for jølstringen så er han ajour med mestscorande i Fjøra, Einar Kvam.

Det var ingen spesielt god fotballkamp for publikum, men Fjøra hadde fleire gode sjansar og burde ved fleire høve ha auka leiinga. Defensivt var Fjøra bunnsolide og Kaupanger har kun eit par halvfarlege langskot, og på midten stod Wigum og strødde pasningar til både spiss og kant. Me savnar framleis litt tempo i spelet til Fjøra og litt meir kreativitet på siste tredjedelen men dette kjem seg for kvar kamp. Årets første smoltring smakte ekstra godt i dag og Fjøra tok no tilbake tabelltoppen med ein kamp meir spelt enn Førde 2.

Me takkar Kaupanger og dommar for kampen og ønsker alle ei fin 17.mai feiring. Hugs å ta turen til Campus laurdag 16.mai kl 18:00 då Sogndal tek i mot Ranheim

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 15.05 kl 19:00

Arena: Kaupanger kunstgras

Turnering: Seriekamp

Dommar: Runar Hageland

Kaupanger – Fjøra 0-1 (0-1)

0-1    24 min Arild Underdal (Gøran Wigum)

Gult kort:  Arild Underdal, Torbjørn Ylvisåker, Per Eirik Lunde

Fjøra (4-3-3):

Andreas Horvei

--------------------

Ole Martin Bolset

Per Eirik Lunde

Torbjørn Ylvisåker

Erik Fossnes

--------------------

Gøran Wigum

Mats Nondal

Steffen Olsen (Victor Aguiar fra 83.)

--------------------

Anders Hjeltnes (Erik Loftesnes fra 89.)

Arild Underdal (Tommy Øren fra 70.)

Sindre Rørvik