Solid kamp mot Polljen
Forfatter: Jan Fuglesteg
17. september 2012
Fjøra leverte ein solid kamp mot Skavøypoll på fredag. Fjøra vann med solide 3-0 i ein kamp dei stort sett styrte frå start til slutt.
Me er sjølvsagt nøgde med ein solid trepoengar mot eit av topplaga i avdelinga. Med rundens resultat så trygga Fjøra sin 2. plass på tabellen og det er dette som no må vera målsetjinga etter at dei resterande tre kampane er spelte.
Hovudtrenar Kjell Ertesvåg har følgjande kommentar til kampen:
" Me tok tak i kampen frå start av, og med rask 1-0 skåring var standarden sett. Utover i 1. omgang rulla me opp mange flotte angrep der me fekk engasjert kantane våre. Når me i tillegg hadde bra trykk framføre mål kom me til mange avslutningar. Diverre stod ikkje utteljinga i stil med spel og innsats. 2. omgang starta like friskt som fyrste, og 2 klasseangrep enda med 2-0 og 3-0. Då hang rett og slett ikkje Polljen med. Siste halvtimen klarde me ikkje å oppretthalde tempo og presisjon, men styrer likevel kampen og skapar sjansar, men ikkje mål.
I kveld lukkast me godt med spelet vårt, me var aggressive og me kom til mange avslutningar, og me fekk sett opp flotte kombinasjonar mot eit godt organisert Skavøypollag som stort sett låg med 10 mann på eigen halvdel."
Neste kamp for Fjøra er mot serieleiar Sogndal II måndag 24. september.
KAMPFAKTA
Fjøra FK - Skavøypoll IL 3-0 (1-0)
Mål
1-0, Kenneth Nondal, 1 min
2-0, Anders Hjeltnes, 49 min
3-0, Kenneth Nondal, 53 min
Gult kort
Mads Nondal, Fjøra FK
Domartrio
Rune Haugland, Haugen IL. Assistentar: Frank Heggestad, Veitastrond IL og Aleksander Offerdal, Lærdal IL
Tilskodarar
Ca 50 stk
Fjøra (4-4-2): Håvard Kristiansen Bøyum - Jørn Kvalvik, Vegard Fardal Nes(Ole Morten Kvam i 32), Torbjørn Ylvisåker, Ola Egge Ødegaard - Daniel Fylling (Per Eirik Lunde frå 63. min), Knut Ola Høvik, Kenneth Nondal (Håvard Lilletvedt frå 67. min), Mats Nondal - Arild Lunde Underdal og Anders Lunde Hjeltnes (Stian Anhanger Solberg frå 80. min)
Skavøypoll (4-4-2): Yngve Furnes (Nikolas Andrew Karlsen frå 65. min) - Andre Oddvar Høydal (Mads Aarvik frå 75. min), Rune Myhre, Børge Yndestad, Vegard Rangsæter - Kristian Gangsøy, Håvard Hagen, Kim Andre Gangeskar, Espen Sandal, - Nikolai Heggedal, Eivind Lillebø (Øivind Brastad Gangsøy frå 45. min)